Carola kan tenke seg å re­presentere Noreg i Eurovision

4 months ago 27


Den svenske Eurovision-stjerna Carola Häggkvist er på noregsturne i sommar og var å finne på lineupen til Kongsberg Jazzfestival.

Norske Marcus og Martinus representerte Sverige i Eurovision i år, og sjølv om verken Noreg eller Sverige kom til toppen denne gong, har Noreg ambisjonar om å vinne snart.

Carola er utelukkar ikkje moglegheita for å utveksle til nabolandet for å hjelpe «søta bror».

– Det kunne eg gjort, faktisk. Om det var ein fantastisk låt.

Carola i Kongsberg

Carola har døra på gløtt for Eurovision-comeback.

Foto: Tina Brock / NRK

Kjenner seg «halvnorsk»

Artisten seier at ho kunne tenke seg å representere Noreg fordi landet har vore veldig nært ho og livet hennar.

– Eg kjenner meg jo «halvnorsk» på mange måtar.

Men det krev litt å skulle hive seg tilbake i sirkuset og mediestormen ho skildrar Eurovision som.

– Det må vera ein song som stemmer inn i verdssituasjonen. At det finst ein anledning til å delta.

Sildesalat på scena

MGP-sjef Stig Karlsen synest tanken om ein svensk poplegende under det norske flagget er spennande.

– Ho er ein strålande, flott artist med eit stort publikum i Noreg.

Stig Karlsen, ESC 2023.

MGP-sjef Stig Karlsen er positiv til norsk-svensk utveksling.

Foto: Kjetil Solhøi

Det er ingen spesielle reglar som hindrar folk med ein annan nasjonalitet i å representere eit land, forklarar han.

– Likevel skal me i NRK heie på norsk musikkliv. Så det å for eksempel få Carola saman med ein annan norsk artist kunne ha vore kult.

Sjølv om ideen er god, er det langt frå ord til handling, understrekar Karlsen.

– Men det er klart; no må me snakke litt med Carola.

Publisert 05.07.2024, kl. 13.35

Read Entire Article