Carlsen forbløffa av 18-åring: – Han er eit mysterium

3 weeks ago 11


– Gukesh er framleis eit mysterium for meg, fortel Carlsen i eit intervju med appen TakeTakeTake, ein av samarbeidspartnarane til nordmannen.

Indaren har nemleg vunne kandidatturneringa i vår, og er klar for VM-kamp mot regjerande meister Ding Liren. Gukesh har i tillegg klatra til ein femteplass på verdsrankinga.

Men i lyn- og hurtigsjakk er 18-åringen langt bak dei beste. I hurtigsjakk er han nede på 49. plass på verdsrankinga, og i lynsjakk er han heilt nede på 87. plass.

– Det er rart å sjå nokon som er så utruleg mykje betre i klassisk sjakk. Når han spelar hurtig og lyn, kan du sjå at han ikkje har intuisjonen til å spele gode trekk raskt, utdjupar Carlsen.

Det står i sterk kontrast til Carlsen sjølv, som lenge har dominert alle fartsformer av sjakken. Også store rivalar som Fabiano Caruana, Alireza Firouzja og Hikaru Nakamura meistrar alle disiplinane. Det fascinerer Carlsen.

– I langsjakk fungerer det bra for han, men i nokre kampar tar han veldig merkelege posisjonelle val, meiner nordmannen.

Magnus Carlsen og Dommaraju Gukesh under Norway Chess i Stavanger i mai 2023.

MØTTEST: Carlsen og Gukesh har møttest før. Her frå Norway Chess i 2023.

Foto: Carina Johansen / NTB

– Trur Magnus er overraska

Ekspertane trur Carlsen slit med å forstå seg på Gukesh fordi dei to er så ulike.

– Eg trur Magnus blir fascinert av at Gukesh er heilt motsett av det han er sjølv, seier Torstein Bae, NRKs sjakkekspert, og held fram:

– Carlsen byggjer spelet sitt på ein sterk intuisjon og kjensle. Ofte er det første trekket han tenker på rett, og da treng han ikkje så mykje tid. Ein kan jo tenke seg at ein må byggje spelet sitt på den måten for å vere best, men det motbeviser Gukesh nå og er klar for å ta over trona.

TV 2s sjakkekspert Jon Ludvig Hammer er einig med Bae.

– Eg trur Magnus si analyse av Gukesh er bra, og sånn sett er han ikkje noko mysterium, men eg trur Magnus er overraska over at det går an å vere så god – og vere god på heilt andre ting enn han sjølv, derav mysteriet, slik Magnus ser det, seier Hammer.

Jon Ludvig Hammer

FAVORITT: Jon Ludvig Hammer meiner Gukesh er storfavoritt til VM-kampen.

Foto: Carina Johansen / NTB

Trass i mysteriet rundt svakheitene til Gukesh, avslører Carlsen at han har late seg imponere av kompetansen til ungguten i langsjakk.

– Han kalkulerer heilt utruleg bra. Når eg snakkar med han etter parti, har han vurdert ting som eg ikkje eingong har tenkt på. Eg tenker berre «Korleis har han tid til dette?». Men eg trur berre han kalkulerer heile tida, seier Carlsen.

Torstein Bae i NRKs studio under sjakk-VM.

NESTE: Torstein Bae meiner Gukesh kan ta over trona frå Carlsen.

Foto: Erik Johansen / NTB

Meiner Gukesh kan vinne

Nå nærmar Gukesh seg sin første VM-kampen i karrieren, berre 18 år gammal. I slutten av november møter han kinesiske Ding Liren, i eit forsøk på å vinne tilbake sjakktrona til India 11 år etter at Vishy Anand tapte henne til Noreg og Carlsen.

Både Bae og Hammer meiner Gukesh er favoritt før oppgjeret. Dei siste åra har nemleg Ding slite med sjakken.

– Gukesh ser ut som ein kjempefavoritt til VM-matchen, gitt hans gode form og Dings sørgjelege innsats over fleire månader, seier Hammer.

– Men Gukesh kjenner på presset frå heile India på skuldrene sine, legg Bae til.

Publisert 01.11.2024, kl. 06.09

Read Entire Article