Carlsen-bilda vekker oppsikt: – Han viser kven som er sjefen

8 hours ago 5


– Eg trur han ønsker å komme så tett opp mot partiet som mogleg, men så har vi bomma. Eg trur det er det som har skjedd, seier Odin Blikra Vea til NRK.

Han er lagleiar for det profiltunge norske laga som deltar i den opne klassen i sjakk-OL i Ungarn.

Askild Bryn og Odin Blikra Vea

LAGLEIAR: Odin Blikra Vea.

Foto: Privat

Magnus Carlsen, Johan Sebastian Christiansen og co. ligg på ein foreløpig 11. plass i olympiaden, men laget har også fått merksemd for noko heilt anna enn resultata på brettet.

Den beste sjakkspelaren i verda har til nå spelt fem parti for Noreg. Han har komme for seint til fleire av dei.

Kom elleve minutt etter partiet starta

Det blei størst dramatikk under Carlsens første parti fredag da stjerna kom syklande til spelstaden heile elleve minutt etter partiet hadde starta.

Om klokka hadde runda 15 minutt, hadde Carlsen automatisk tapt partiet.

Bilda av ein rådvill Carlsen på sykkel, har seinare gått sin sigersgang på sosiale medium.

På spørsmål om kvifor verdseinaren har komme for seint til partia sine, svarer Vea:

– Det er ei elv som held på å fløyme over her i Budapest, og det påverkar trafikken. Det er heller ikkje veldig bra organisert transport. Vi køyrer eigen transport frå hotellet vårt, mens Magnus har valt å sykle, noko eg trur er lurt. Så er det eit folkehav som møter han utanfor med selfiar og signeringar og alt som følger med.

– Har Carlsen gjort nokon endringar nå slik at han nå kjem til tida?

– Vi får vente og sjå med runden i dag. Eg trur han kjem på sykkel i dag og, smiler Vea om partiet torsdag.

Hungary Chess Olympiad

VERDSEINAR: Magnus Carlsen er den største stjerna i sjakk-OL. Han har spelt ei god turnering sjølv om han har dukka opp seint fleire gonger.

Foto: Tibor Illyes / AP

Maria Emelianova, sjakkfotograf og Chess.com-ansatt, blei den store helten da Carlsen heldt på å tape sitt første parti.

Ho stod nemleg ute i regnet og venta på verdseinaren da alle partia var i gang.

– Jo meir eg venta, desto meir nervøs blei eg. Vi vil jo ha Magnus her. Eg tenkte ikkje på innhald og jobben min. Plutseleg kom han på ein sykkel, klissvåt, seier ho til Chess24 på X.

Fotografen enda opp med å parkere bysykkelen Carlsen hadde leigd for høvet.

– Han gav meg telefonen og sykkelen sin. Det var eit spennande eventyr, seier Emelianova om sekunda før Carlsen spurta inn til partiet.

  • For ordensskuld: Lagleiar Odin Blikra Vea har tidvis vore knytt til NRK som sjakkekspert.

Hungary Chess Olympiad

SJAKK-OL: Sjakkolympiaden er ei turnering for nasjonslag som blir arrangert annakvart år. I år blir henne spelt i Budapest i Ungarn.

Foto: Denes Erdos / AP

– Eit kjent verkemiddel

Torstein Bae, NRKs sjakkekspert, har fått med seg bilda av Carlsen som lèt motstandarane vente.

Bae tviler på at Carlsen er spesielt stressa.

– Eg trur det handlar om psykologi. Det er viktig i sjakk og sikkert i andre tvikampar, som for eksempel boksing, at ein straks viser kven som er sjefen, seier han og fortset:

– Å komme for seint er eit kjent verkemiddel for å oppnå dette. Den eine sit der tafatt, den andre (meisteren), som har mykje på programmet, kjem brasande inn i siste augeblink.

Carlsen og Noreg ligg altså på ein 11. plass i samandraget. Favoritt India leier føre Iran og Usbekistan.

I tillegg til Carlsen deltar Johan-Sebastian Christiansen, Aryan Tari, Frode Urkedal og Elham Amar for Noreg.

Olga Dolgova, Niina Koskela, Viktorija Ni, Sheila Barth Stanford og Monika Machlik deltar for Noreg i kvinneklassen.

Publisert 19.09.2024, kl. 17.46

Read Entire Article