I eit forsøk på å tenke utanfor boksen har ein norsk delegasjon vore på studietur til Canada for å lære om nye og rimelegare metodar for skredsikring.
Delstaten British Columbia er større enn Noreg i folketal og utstrekning, men klarer seg med ein brøkdel av det norske skredbudsjettet.
Bakgrunnen for reisa er ei ny oversikt frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) som viser at det gått nærare 50.000 skred i Noreg dei siste ti åra.
«Canada ligg langt føre Noreg på alternative sikringsmetodar», samanfattar det norske reisefølget, som samla politikarar og fagfolk frå heile landet.
– Svært mykje å spare på alternative sikringsmetodar
Den canadiske metoden er å bremse utbygginga av tunnelar, betongoverbygningar og skredvollar – og i staden prioritere skredvarsling og kontrollerte utløysingar av skred.
Bruken av sensorteknologi gjer at delstaten kvart år sikrar 1400 skredpunkt for berre 40 millionar kroner.
Til samanlikning: I det norske statsbudsjettet for 2024 er det sett av 940 millionar kroner berre til å sikre fylkesvegane.
«Det er svært mykje å spare om Noreg i større grad tar i bruk alternative sikringsmetodar», heiter det i rapporten til dei norske deltakarane.
I praktisk politikk har oppfordringa allereie sett fart på eit pilotprosjekt for innovativ skredsikring i Vestland.
I 2023 hadde fylket 1697 skred. Det er fire kvar dag i snitt.
– Naturleg at vi vurderer å sikra på andre måtar
– Canada-modellen er veldig relevant i høve til mantraet vårt om å få «meir veg for pengane», seier fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp).
Med utgangspunkt i tradisjonelle metodar har fylket berekna at dei treng 14 milliardar kroner til rassikring.
– Da er det naturleg at vi vurderer å sikra rasfarlege område på andre måtar, seier Askeland.
I ei innstilling frå transportkomiteen på Stortinget heiter det at «nye innovative løysingar for skredsikring kan oppnå innsparingar på over 20 milliardar kroner samanlikna med om ein går for ‘beste løysing' i form av for eksempel tunnel».
Den canadiske løysinga er i tillegg «inspirasjonskjelde» for eit forslag på Stortinget om «auka fokus på og nye løysingar for rassikring».
Forslaget blei fremja av Hordaland-representant Liv Kari Eskeland (H).
– Canada sin innovative måte å tenke på viser at vi kan sikra delstrekningar mykje fortare, og til ein rimelegare pris, seier ho til NRK.
Medlem i transportkomiteen Frank Sve (Frp) – som tidlegare var ordførar i rasutsette Stranda kommune på Sunnmøre – seier velkommen etter til dei som omsider har oppdaga Canada.
Allereie for fleire år sidan tok han til orde for å drenere Trollstigen og Åkneset, og slik redusere rasfaren.
– Det var etter canadisk modell.
Han presiserer at Canada har andre føresetnader enn Noreg, og at tidsvindauget frå eit snøskred begynner å røre på seg til det treffer vegen er kortare i Noreg.
Aktiv snøskredkontroll er også vanleg i alpane.
– Varsling og overvaking må ikkje bli ei sovepute
– Canada-modellen lèt seg ikkje overføre direkte, men den gir ein sterk indikasjon på at vi har godt av å tenke nytt, seier leiar i Nasjonal Rassikringsgruppe, Randi Walderhaug Frisvoll.
Ho etterlyser incentivordningar og gulrøter som kan stimulere til å tenke nytt om kunstig intelligens i skredsikringa.
– I dag er det ein lang veg mellom innovasjon og det å ta i bruk ny teknologi. Denne vegen bør kortast kraftig ned.
Ingunn Handagard i Automobilforbundet (NAF) ønsker ny teknologi velkommen, men presiserer at det «framleis vil vere behov for større tiltak veldig mange stader».
– Varsling og overvaking av skred må ikkje bli ei sovepute som gjer at viktige vegstrekningar ikkje blir rusta opp for å gi folk trygge kvardagsreiser, seier ho.
På Arnøya i Troms blir det i dag bygd eit system for aktiv snøskredkontroll etter modell frå alpane.
– Her er vi allereie langt framme når det gjeld å ta i bruk nye typar risikoreduserande løysingar, seier skredekspert Kalle Kronholm i Skred AS.
– Ein tur til Troms i staden for British Columbia hadde derfor kanskje vore ein ide.
Ukjent
Kalle Kronholm, naturgeograf og daglig leier i Skred AS
Aktiv skredkontroll verker bra for snøskred. For andre skredtypar, som steinsprang og ulike typar jordskred, klarer ein ikkje å løyse ut skreda. Der må ein basere seg på varsling. Personleg meiner eg at det der er forbetringspotensial hos fleire infrastruktureigarar, men det er ikkje lett å balansere preventiv stenging av veg/bane mot krav om konstant open veg/bane.
Jonas Been Henriksen
Mona Fagerås, transportpolitisk talsperson i SV
Å samanlikne pengebruken i Canada og Noreg blir litt eple og pærer. Likevel er det heilt sikkert ting å lære. Stortinget har bede regjeringa vurdere korleis ein kan ta i bruk ny teknologi til å oppdage og førebygge skredulykker, og vi ser fram til at regjeringa kjem på banen og prioriterer dette på ein heilt annan måte enn vi har sett til nå.
Olav Røli
Liv Kari Eskeland, stortingsrepresentant for Høgre
Vi må heile tida vera opne for nye og smarte løysingar, der varsling og tidleg deteksjon er å føretrekke framfor kostbare inngrep. Her går utviklinga fort framover, og vi opplever at dette er ein god måte å utnytte ressursane på. Likevel er det slik at enkelte strekningar må ha fysiske inngrep.
NAF
Ingunn Handagard, Noregs Automobil-Forbund (NAF)
Om varsling og overvaking kan brukast fleire stader, vil vere avhengig av tilstanden på vegen og ikkje minst konsekvensane av skred. Spesielt fylkesvegnettet har enorme behov for vedlikehald, der skredsikring er eitt av fleire moglege tiltak. Mange stader blir lokalsamfunn sperra inne ved slike hendingar, eller må tole lange omkøyringar. Dette må takast med i vurderinga av kva tiltak som er eigna.
NRK
Jan Gunnar Opsal, geolog i Skrid som leverer skredfarevurderingar
Overvakinga og sikring av snøskred på vegstrekningar kan heilt sikkert utvidast i Noreg og kanskje redusere nokre kostnader. Men i det samfunnsmessige kostnadsbildet for naturfare må ein også ta inn steinsprang, jordskred, sørpeskred, flaumskred og flaum. Dette er hendingar som er særs vanskeleg å føresjå.
NRK
Randi Walderhaug Frisvoll, leiar i Nasjonal rassikringsgruppe
I Noreg blir ein overordna, koordinerande rolle sakna for å vareta utfordringane med skred. Når ein stenger vegane i Noreg, har ein mykje å lære av Canadas mål om å få ned dei samfunnsmessige konsekvensane. For eksempel ved varsling i god tid både ved stenging og opning av vegen. Det å tenke innovasjon, førebygging og varsling må komme som eit styringssignal ovanfrå.
Publisert 08.09.2024, kl. 21.53