Brannvesenet sin garasje brann ned: – Måtte stå å sjå på

2 months ago 20


Politiet meldte natt til laurdag om at ein garasje med brannvesenet sine køyretøy og utstyr stod i full fyr i Leka.

– Det er meldt om full overtenning av ein garasje som huser brannvesenet sine køyretøy, meldte Trøndelag politidistrikt klokka 4.15.

Garasjen brann heilt ned i løpet av natta.

– Måtte stå å sjå på

Roger Gjersvold ved 110-sentralen fortel at det lokale brannvesenet ikkje kunne bidra med sløkkinga.

Alt utstyret deira var i garasjen. Andre brannstasjonar frå landsida måtte komme med ferje for å ta det som var igjen av sløkking og sikringsarbeid.

Publisert 21.09.2024, kl. 08.34 Oppdatert 21.09.2024, kl. 08.40

Read Entire Article