Det er meldt om eksplosjonsarta brann i ein bustad i Loddefjord i Bergen. Vest politidistrikt opplyser at det kan ha tatt fyr i ei bensinkanne. Ein person har komme seg ut av bustaden og får helsehjelp på staden. Bebuaren meldte sjølv inn brannen brannen.
Det var først uklart om det er fleire heime, men brannvesenet opplyser til NRK at huset skal vere tomt.
Det er observert opne flammar frå einebustaden.
110-sentralen opplyser at det brenn i kjellaren, og det kjem ut røyk. Brannvesenet er på staden med personell frå tre stasjonar.
– Dei har ikkje gått inn, vi antar at det brenn framleis. Det er alltid litt spreiingsfare, men førebels er det avgrensa til innvendig i bygget, seier vaktkommandør Sigurd Hadeland.