Bombetrussel mot NAV-kontor – Åsane Storsenter evakuert

3 hours ago 4


Væpna politi omringar Åsane Storsenter, som er evakuert etter ein bombetrussel mot eit lokalt NAV-kontor.

Kontoret er evakuert.

Det går ein alarm i bygget, ifølgje ein NRK-journalist på staden.

Nasjonale bereidskapsressursar er kopla på, og bombegruppa er på veg mot Bergen med helikopter.

Åsane Tidende har fått eit tips om ein koffert som ligg under ei trapp på NAV-kontoret. Det er ikkje stadfesta at denne har noko med hendinga å gjere.

Politiet har førebels ikkje lokalisert mogleg gjerningsperson.

Det er oppretta ein sikkerheitssone på 200 meter, melder Vest politidistrikt.

Naudetatane er på på staden med store ressursar, og det kan oppstå trafikale problem i området.

Publisert 23.09.2024, kl. 14.13 Oppdatert 23.09.2024, kl. 14.20

Read Entire Article