Beckham og co fekk 11 laks på omstridd fisketur

4 months ago 34


Fotballikonet David Beckham og resten fiskarlaget hadde hellet med seg da dei prøvde fiskelykka i Lærdalselva, som eigentleg er stengd for fiske.

NRK er kjent med at totalt 11 laks blei trekte på land.

I eit brev til statsforvaltaren skriv Lærdal elveeigarlag – som sel «rettane» – at inntektene frå «stamfisk-salet» er 1,4 millionar kroner.

Det gir ein «snittpris» på 127.000 kroner per laks, og i tråd med den 200 år gamle tradisjonen der representantar for den britiske adelen legg igjen pengar i norske vestlandsbygder.

To av «Beckham-fiskane» er leverte til Villakssenteret der dei svømmer omkring på utstilling.

Medan dei resterande ni er tatt i vare på i anlegget til det lokale elveeigarlaget.

Audun Mo, ordførar i Lærdal (Ap).

– Det er klekkeriet på Ljøsne som tar hand om fisken, seier Audun Mo, ordførar i Lærdal kommune.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fekk sjokk da statsforvaltaren sa nei

Hos klekkeriet skal laksen «mjølkast» og strykast etter alle forskrifter, og slik gi liv til ny yngel som i sin tur blir sett tilbake i elva.

Denne praksisen er kjent som «stamfiske», og har vore praktisert i Lærdalselva sidan begynninga av 1900-talet.

Det lokalet elveeigarlaget beskreiv det derfor som «eit sjokk» da statsforvaltaren i Vestland i mai sette ned foten for verksemda – med tilvising til at nytteverdien var tvilsam.

Eit par veker seinare snudde statsforvaltaren og tillét stamfiske likevel – like før David Beckham kom på besøk.

Snuoperasjonen er omstridd og politisk pikant ettersom statsforvaltar Liv Signe Navarsete er gift med ein av elveeigarane.

NRK har vore i kontakt med fleire ekspertar på forvaltningsrett som har spørsmål til framgansmåten (sjå under).

Regjeringa har derfor bede om at statsforvaltaren i Rogaland, Bent Høie, tar ei ny vurdering.

Eivind Smith er professor i rettsvitenskap ved Universitetet i Oslo. Han er en av nestorene i norsk offentlig rett. Her er han avbildet i hjemmet sitt i Oslo.

Eskil Wie Furunes

Eivind Smith, ekspert på forvaltningsrett

– Alt i alt er det god grunn til å få habilitetsspørsmålet vurdert. Men at elveeigarlaget er ei stifting reduserer den økonomiske koplinga mellom ektefellen (og eventuelt statsforvaltaren) og den økonomiske verdien av løyvet.

Sigrid Stokstad

Ann Kristin Lindaas

Sigrid Stokstad, ekspert på forvaltningsrett

- Eg synest det verkar fornuftig at Navarsetes habilitet blir vurdert i denne saka gitt at ektefellen er grunneigar i elva.

Jan Fridthjof Bernt

Åge Algerøy

Jan Fridthjof Bernt, ekspert på forvaltningsrett

- Eg synest det ser ut som statsforvaltaren kan vere inhabil her, men her er det klart nok rommeleg plass for tvil. 

Jan Fougner

NTB

Jan Fougner, ekspert på forvaltningsrett

- Offisielt har eg inga meining om denne saka.

Synd at det blir fokus på om vedtaket er treft på rett måte

I eit brev til Høie skriv Lærdal elveeigarlag at det er «synd at det nå blir fokus på om vedtaket er treft på rett måte, i staden for at det blir gitt klapp på skuldra for at (Navarsete) til slutt gjorde eit rett vedtak, i tide».

Til Bergens Tidende har Navarsete forklart at det opphavlege vedtaket bygde på «ein uferdig forskingsrapport» om stamfiske.

Nina-rapporten er i dag på bordet til Miljødirektoratet og inneheld konklusjonar og oppfordringar som trekker i ulike retningar.

På den eine sida slår ho fast at «landsyngelen» ikkje kan måle seg med den som blir unnfanga på naturleg vis – i elvane.

På den andre sida foreslår han å auke taket for uttak av stamlaks, seier advokat Rune Svoren, som representerer Lærdal elveeigarlag.

I dag seier retningslinjene at det kan takast ut «inntil 30» laks i Lærdalselva.

NINA-forskar Sten Karlsson har vore prosjektleiar for rapporten.

Planen er å sende ut ein endeleg versjon av rapporten til oppdragsgivar i løpet av dei næraste dagane, seier han til NRK.

– Eg visste sjølvsagt ikkje kven som skulle fiske, seier Liv Signe Navarsete.

Odd Helge Brugrand

Ei alvorleg påminning om dramatiske endringar

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen møtte lokale aktørar i Stjørdal torsdag formiddag.

I Stjørdalvassdraget har Miljødirektoratet bestemt å avvikle alle klekkeri. Grunngivinga er at stamfiske og klekkeridrift reduserer den genetiske variasjonen i elva.

– Dei tala vi nå ser for villaksen er ei alvorleg påminning om dei dramatiske endringane som allereie har skjedd og fortset å skje i våre eigne havområde.

Førre veike stengde Miljødirektoratet laksefisket i 33 elvar. Bakgrunnen er rapportar om svært lite laks så langt i år.

Statsråden la til:

Dersom denne trenden fortset, kan dette bli den svakaste laksesesongen som nokosinne er registrert i Noreg.

Bråk om «fishy» avtale etter at Beckham fekk fiske i Lærdalselva

Millioninntekter og ein mogleg lissepasning til David Beckham er blant ingrediensane når staten skal vurdere habiliteten til Liv Signe Navarsete.

Foto: Skjermdump/Instagram

Publisert 27.06.2024, kl. 14.21

Read Entire Article