Båtproblem skapar kaos for øyfolk

5 months ago 24


Nesten dagleg har reiarlaget Norled hatt problem med å avvikle rutetrafikken på øyane utanfor Florø i Kinn kommune, etter at selskapet tok over 1. mai i år.

Vaksne som skal på jobb – og elevar som skal på skulen – kjem seg ikkje fram i tide.

Sara Svardahl Hovden, som er lærar og bur på Færøykalven rett utanfor Florø, er blant dei som kjem for seint.

Det same gjeld borna hennar Cecilia (9), Linea (7) og Louie (2) som skal til skule og barnehage.

– Det er forferdeleg. Ungane vegrar seg for å dra på skulen fordi dei ikkje synest det er kjekt å kome for seint til timen.

Fleire foreldre og øybuarar NRK har snakka med, skildrar ein kvardag som har blitt fylt med stress og frustrasjon.

– Det har gått over til sinne, seier Hovden.

Sara Svardahl Hovden med borna

Sara Svardahl Hovden og borna Cecilia (9), Linea (7) og Louie (2) likar å køyre båt. Men i mai og juni har det blitt mykje venting på båten.

Foto: Privat

Galgenhumor

Øyfolket fortel om ruter som har blitt kansellerte utan at det blir sett opp ekstra båt.

For å kome seg gjennom kvardagen har løysinga vore galgenhumor.

Dersom ein båt er i rute, er som regel ein eller fleire av dei andre båtane forseinka. Då må elevane som kom først, vente på resten av elevane på kaia i Florø – og alle risikerer å kome for seint til timen.

Den siste veka har NRK fått tilsendt video frå foreldre som registrerer at ungane kjem for seint til skulen – igjen:

I tillegg har eldre elevar sagt nei til å ta båten når det er viktige prøver eller eksamen. Dei tør rett og slett ikkje, i frykt for å kome for seint.

Martine (11) og Victoria Svardahl (11) frå den vesle øya Askrova synest det er stressande å kome for seint til skulen, gong etter gong.

– Læraren byrjar å snakke, så kjem vi inn i klasserommet. Så har vi ikkje peiling på kva dei snakkar om.

Martine Svardahl og Victoria Svardahl, begge 11 år. Begge er frustrerte over at båten kjem for seint til skulen etter at Norled tok over rutebåtane.

Martine Svardahl og Victoria Svardahl skulle ønske at båten gjekk når han skulle.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Har hatt krisemøte

Ordføraren i Kinn, Bengt Solheim-Olsen (H), kallar situasjonen «totalt kaos», og ber om snarleg løysing.

Det er det fylkeskommunale selskapet Skyss som avgjorde at Norled skulle vere operatør på rutene frå 1. mai.

Det er snakk om forseinkingar på over 90 prosent av turane på enkelte ruter, skriv Fjordenes Tidene – og viser til Norled sine eigne tal.

Skyss ville først ikkje svare på spørsmål frå NRK. Men etter å ha hatt krisemøte med reiarlaget Norled seier pressekontakt Øyvind Strømmen at ei rekkje tiltak blir vurderte.

Strømmen seier at det som eit hastetiltak vil bli sett inn to ekstrafartøy på rutene både morgon og ettermiddag, på nokre av stoppestadane.

I tillegg har Norled kome med fleire forslag til endringar og forbetringar, utan at Strømmen vil utdjupe kva som ligg i dette.

Han seier Skyss er nøgde med tilbakemeldingane etter møtet, og at dei har god tru på at dei skal finne løysingar til det positive for både bebuarar og næringslivet i øyane.

Privat brygge blir brukt som erstatning ved lågt tidevatn for Norled.

Båteigarar har fått spørsmål om å låne ut denne private flytebrygga til Norled sine erstatningsbåtar. Dei båtane kan i enkelte tilfelle ikkje legge til på den ordinære brygga, som kan skimtast i bakgrunnen.

Foto: Privat

«Beklagar»

Ifølge Firdaposten har Norled tidlegare vist til ein del utfordringar med dei nye rutene og båtane. Mellom anna problem med godshandtering, større fartøy som mannskap treng tid til å bli kjende med – og utfordring knytt til å halde rutetida.

Skyss legg alt ansvar på operatøren.

«Det er Skyss sin klare oppfatning at alle desse tilhøva i utgangspunktet er Norled sin risiko», skriv selskapet.

Norled har så langt ikkje ønskt å stille til intervju med NRK. Reiarlaget skriv i ein kort kommentar, gjennom kommunikasjonssjef Cathrine Gjertsen:

«Vi beklagar at det har vore så mange forseinkingar på sambandet og følgene dette har for passasjerane. Vi gjer det vi kan for å betre situasjonen.»

Publisert 18.06.2024, kl. 17.58

Read Entire Article