– Barndommen blir fullstendig knust

1 month ago 9


Ei lita jente går langs ein skitten og utbomba veg sentralt på Gazastripa.

Føtene er berrbeinte, kroppen tynn og håret rufsete.

På skuldrene ber ho eit lite barn med gips på foten.

– Eg er sliten. Eg har bore ho i ein time. Ho kan ikkje gå, seier den vesle jenta utmatta.

Sterkt møte

Det var den palestinske frilansjournalisten Alaa Hamouda som fekk auge på søskenparet langs vegen.

– Eg såg jentene frå lang avstand og fekk vondt av dei. Ho eine bar den andre, berrbeint under den steikande sola. Det er vanskeleg å sjå barn slik, seier han til NRK.

Journalisten fortel vidare at jentene hadde gått frå al-Aqsa-sjukehuset, der yngstemann fekk behandling etter å ha blitt påkøyrd av ein bil. Mor reiste i førevegen for å lage mat til familien og bad dei to jentene om å gå heim til flyktningleiren aleine.

Hamouda fann ut at han måtte hjelpe dei, og gav dei skyss dei siste to kilometerane til Bureij.

– Eg handla på instinkt og nestekjærleik, seier han.

Ifølgje journalisten har jentene flykta frå Jabalia i Nord-Gaza. Han fortel at den minste jenta heiter Samia og er fem år gamal. Eldstesøster er Kamar på sju.

Videoen har blitt vist fleire millioner gonger på ulike sosiale medium.

Tysdag besøkte Hamouda søstrene i flyktningleiren for å så korleis det gjekk med dei.

Tapt barndom

Redd Barna er bekymra for situasjonen på bakken og kan melde om ein tapt barndom.

– Barndommen blir fullstendig knust. Våre tilsette i Gaza fortel om foreldrelause barn. Ungar som blir hovudforsørgarar i eigen familie og må ta seg av småsøsken, fortvilar utanlandssjef Nora Ingdal.

Krigshandlingane har ført dei minste og mest sårbare på flukt. Desse barna er internt fordrivne og bur i telt i Deir al-Balah.

Krigshandlingane har ført dei minste og mest sårbare på flukt. Desse barna er internt fordrivne og bur i telt i Deir al-Balah.

Foto: Abdel Kareem Hana / AP

Så langt har over 100.000 blitt såra i krigshandlingane. Ifølgje Redd Barna er ein stor del av desse barn.

Om lag ti barn mistar minst eitt lem kvar dag og fleire tusen unge vil trenge medisinsk oppfølging resten av livet som følge av alvorlege skadar, slår hjelpeorganisasjonen fast.

Nora Ingdal er utenlandssjef i Redd Barna

Utanlandssjef Nora Ingdal i Redd Barna seier ungane i Gaza blir som små maskiner, der alt dei tenker på er å overleve.

Foto: Nora Lie/Redd Barna

– Mangel på fysiske behov som mat og reint vatn gjer ungane kraftig underernærte. Kroppen sluttar å vakse og hjernen sluttar å utvikle seg, seier Ingdal.

I tillegg peikar ho på dei «usynlege» skadane krigen fører med seg.

– Desse barna blir dagleg utsette for ei psykisk ekstrembelastning. Dei har frykta for livet i over eitt år no. Ein konstant redsel set kroppen i alarmberedskap. Nervesystemet blir øydelagt fordi dei er i overlevelsesmodus, seier ho.

Krigen går hardt utover dei minste. Denne jenta blei såra under eit israelsk angrep mot flyktningleiren Jabalia sentralt på Gazastripa måndag 22. oktober.

Krigen går hardt utover dei minste. Denne jenta blei såra under eit israelsk angrep mot flyktningleiren Jabalia sentralt på Gazastripa denne veka.

Foto: OMAR AL-QATTAA / AFP

Over 13.000 barn har blitt drepne på Gazastripa sidan krigen braut ut 7. oktober i fjor, syner tal frå FN.

– Barn held ut ganske mykje dersom noko er midlertidig og går over. Men no ser dei ingen ende på det heile, og trur ikkje på betring lenger. Dei er fortvila og manglar håp. Tek ein frå folk håpet, har ein ikkje noko att, fortvilar ho.

NRK har vore i kontakt med det israelske forsvaret (IDF). I ein e-post til NRK skriv dei at dei følgjer internasjonal lov og tek «forholdsreglar for å avgrense sivile tap».

– IDF sine angrep på militære mål er underlagt relevante føresegnar i internasjonal lov, inkludert å ta rimelege forholdsreglar og etter ei vurdering av at forventa utilsikta skade på sivile og sivil eigedom ikkje er urimeleg i forhold til den forventa militære fordelen ved angrepet, skriv IDF.

Ein familie på flukt frå bombene i nord 22. oktober.

Ein familie på flukt frå bombene i nord tysdag 22. oktober.

Foto: OMAR AL-QATTAA / AFP

Verst i nord

Den siste tida har Israel trappa opp angrepa i Nord-Gaza og starta for få veker sidan ein ny offensiv mot Hamas som driv geriljakrig i området.

Det israelske forsvaret publiserte tysdag ein dronevideo av det dei omtalar som sivile som evakuerer frå nord.

Nyheitsbyrået Reuters har geolokalisert videoen til Jabalia, men er ikkje sikre på når den er filma.

På videoen ser ein hundrevis av sivile menn, kvinner og barn gå tett i tett.

Palestinarar omtalar hendinga som tvangsforflytting.

Ein gut vandrar i flyktningleiren Bureij etter eit israelsk luftangrep 8. oktober.

Ein gut vandrar gjennom flyktningleiren Bureij etter eit israelsk luftangrep 8. oktober.

Foto: EYAD BABA / AFP

FN åtvarar

Ein fersk rapport frå FNs utviklingsprogram (UNDP) slår fast at krigen mellom Israel og Hamas har sendt livskvaliteten i Gaza tilbake til 1950-talet.

– Palestina opplever tilbakeslag som dei aldri har opplevd tidlegare. I Gaza er utviklinga estimert til å ha blitt sett tilbake 70 år, til 1955, sa Chitose Noguchi på ein pressekonferanse måndag.

UNDP måler livskvalitet ved hjelp av faktorar som helse og utdanning.

I tillegg viser dei til at den palestinske økonomien er skakkøyrt og så godt som heile befolkninga lever i fattigdom.

Born flyktar frå flyktningleiren Bureij 28. juli.

Barn flyktar frå flyktningleiren Bureij i sommar.

Foto: EYAD BABA / AFP

Økonomien på Gazastripa og den okkuperte Vestbreidda har krympa med 35 prosent det siste året, ifølgje UNDP.

På enkelte målestokkar nærmar fattigdomsnivået i Gaza seg no 100 prosent og fire av fem innbyggjarar er arbeidsledige, viser tal frå rapporten.

Publisert 23.10.2024, kl. 20.10 Oppdatert 23.10.2024, kl. 20.12

Read Entire Article