Åtvarar mot TikTok-trend: – 13-åringar skal sleppe å tenkje på kaloriar

1 week ago 10


– Eg opplever at det blir meir og meir av det. Det er mange treningsprofilar som legg ut kva ein må ete for å gå ned i vekt eller byggje musklar, seier tiandeklassingen Jenny Askringstad.

Ho og venninna Ane Sandnes-Tonning får ofte opp videoar som handlar om kosthald og kaloriar på TikTok. Utan å sjølv vere interessert i det.

– Eg meiner at det kan vere skadeleg, ikkje alle ynskjer å telje kaloriar, seier Ane Sandnes-Tonning.

t.h. Ane Sandnes-Tonning og Jenny Askringstad ser på telefon

Tiandeklassingane Jenny Askringstad og Ane Sandes-Tonning har TikTok. Dei opplever frå tid til annan å få opp innhald om kaloriar og kosthald.

Foto: Åsne Margrete Kleiv / NRK

Skrolling på eige ansvar

Ei av dei som har sett søkeljos på kaloridebatten er programleiar og podkastar Linnea Myhre. Ho kommenterer trenden på eigen TikTok-kanal.

– Me skuldar barna våre å beskytte dei mot slik informasjon så lenge som mogleg.

Linnea Myhre, Lindmo 08.02.23

Programleiar, forfattar og podkastar Linnea Myhre har ytra seg om trenden på TikTok. Her frå Lindmo i 2023.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

På spørsmål om trenden trekker ho fram erfaring frå si eiga eteforstyrring. Ho fortel at ho var 14 år då ho lærte om kaloriar for fyrste gong.

– Eg hadde på ingen måte grunnlag for å forstå og bruke informasjon om kaloriar riktig. Eg seier ikkje at alle blir påverka på den måten, men at ein må vere medviten. Spesielt på ei plattform som TikTok, der det er veldig mange barn. Dei klarer ikkje å handtere informasjon på same måte som vaksne.

Må vere meir bevisste

Marianne Clementine Håheim er fagansvarleg for kommunikasjon for Rådgivning om spiseforstyrrelser (ROS). Ho meiner at trenden er problematisk, fordi den fokuserer på tal og detaljar om kosthald som legg til grunnlag for samanlikning.

– Det er snakk om barn ned i 13-årsalderen eller yngre. Ein kan ikkje forvente at dei sjølv skal ta ansvar for og vurdere kva som er skadeleg eller ikkje skadeleg innhald. Det er ikkje rettferdig.

Håheim meiner skaparane av innhaldet bør bli meir bevisst det ansvaret dei har. Men ser ikkje bort ifrå at ei heving av aldersgrense kan vere ei løysing.

I sommar la statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) fram eit ynskje om å innføre eigen aldersgrense for sosiale medium.

– Me må få ei aldersgrense som me kan handheve. Og me må få til ein strengare regulering av funksjonalitet og innhald som openbert er skadeleg for barn, sa Støre til NRK.

Ynskjer å dele kunnskap

Monica Søyland er personleg trenar og kosthaldsrettleiar. På TikTok delar ho videoar med fokus på ernæring og kosthald. Ho seier at bodskapet i videoane kan bli misforstått dersom ein ikkje ser videoen i heilskap eller les teksten under.

Kaloritiktok

Monica Søyland ynskjer å spreie kunnskap om ulike matvarer. Ho har over ti tusen følgjarar på TikTok, og mange av videoane er sett over fleire tusen gonger

Foto: Skjermdump frå @monicasoyland på TikTok

– Videoane mine kan gje meir kunnskap om ulike matvarer. Eg oppmodar ikkje til å ete mindre mat, men å ta smartare val ved å velje næringsrik og mettande mat framfor til dømes ferdigpizza og smash, når målet er vektnedgang.

Håheim frå ROS stiller seg skeptisk til argumentet om at ein treng meir kunnskap om kaloriinnhald i ulike matvarer.

– Eg tenkjer er at det ikkje er mangel på kunnskap om kaloriar og kosthald i samfunnet vårt. Ein blir pepra med innhald knytt til kosthald og vektnedgang overalt kvar dag. Barn brukar TikTok og eg meiner 13-åringar skal sleppe å tenkje på mat som kaloriar.

Publisert 28.09.2024, kl. 20.03

Read Entire Article