- «Utrulege greier»
- «Anish er fantastisk»
- «Vi må beskytte han»
Lovorda er henta frå kommentarfelta under fleire av videoane av 3 år gamle Anish Sarkar som ligg ute på YouTube.
Og det byrjar å bli mange av dei.
For litt tidlegare denne månaden sette han ein kolossal rekord: Han vart verdas yngste spelar med sjakkrating.
Mens verdas beste sjakkspelar Magnus Carlsen (33) i skrivande stund har 2831 i rating, vart talet 1555 for 30 år yngre Anish Sarkar.
– Det er sjølvsagt enormt høgt for ein treåring, seier sjakkekspert Atle Grønn.
Han er likevel ikkje overbegeistra og han har gjort seg opp mange tankar om kva ein kan tyde ut av slike prestasjonar.
– Du må også ha eigenskapane til å vere villig til å trene hardt. Det veit vi ingenting om ein treåring vil ha.
Sjakk trumfa Peppa Gris
Anish Sarkar er fødd i januar 2021 og er frå Kolkata heilt aust i India. På mange måtar ein sjakknasjon av dimensjonar.
Tre år gamle Sarkar vart raskt hekta på sjakk da han fekk eit sjakkbrett i gåve av onkelen sin. Nå deltek han i timar på sjakkskulen til stormeisteren Dibyendu Barua som har kalla treåringen sin konsentrasjonsevne for «forbløffande» ifølge Aftenposten.
Til avisa Times of India har Sarkar si mor sagt at dei introduserte sonen for diverse YouTube-videoar i januar 2024, inkludert videoar av Peppa Gris, men at det var sjakkvideoar han ville sjå på.
– Han ville sjå på desse videoane i det uendelege, seier Sarkars mor til Times of India.
Nyleg fekk vedunderbarnet Sarkar også møte verdseinar Magnus Carlsen. I forkant av ei stor sjakkturnering i India som Carlsen skulle spele var 3-åringen til stades saman med foreldre og trenaren.
Meisteren frå Noreg var tydeleg imponert av treåringen.
– Eg har ein nevø som blir fire år om nokre dagar. Han er ein smart unge, men eg kan ikkje sjå for meg at han får rating på 1500 i nær framtid, sa Carlsen i forbindelse med turneringa Tata Steel Masters.
Han hadde eit enkelt og konkret råd til Anish Sarkar.
– Prøv å nyte sjakk så mykje du kan. Ikkje tenk på rating, resultat, titlar og så vidare. Det kjem automatisk. Berre gjer det du elskar.
Påstand tilbakevist
I boka «Sjakken eller livet» skriv Atle Grønn at «tro aldri på ein far eller mor som fortel at treåringen har lært seg å spele sjakk».
Med dette meinte han at sidan målet med sjakk er å sette kongen matt, så er det eit for abstrakt omgrep til at treåringar greier å lære seg dette.
«Ein treåring kan klare å slå ut andre brikker, men i sjakk matt er ikkje kongen død eller utslått, han er berre fanga og innesperra» held Grønn fram i boka.
Tre år gamle Anish Sarkar briljerte i ei U9-delstatsturnering i Vest-Bengal i oktober. Der tok han heile 5,5 av 8 poeng mot spelarar som var opp mot seks år eldre enn han, ifølgje Aftenposten.
– Kva tenkjer du om påstanden din frå boka di?
Atle Grønn skrattar før han svarer:
– Påstanden min vart faktisk tilbakevist rett etter at eg gav ho ut, seier Grønn.
Han viser til historia om da tre år gamle Mikhail Osipov som i 2016 fekk mykje merksemd i Russland fordi han var så god i sjakk. På fjernsyn fekk han spele mot mellom anna tidlegare verdsmeister Anatoly Karpov, og han fekk i perioden etter tilgang på dei beste russiske trenarane.
– Han var tre år i 2016, så han er nå 11. Nå er ikkje noko god i det heile tatt, seier Grønn.
Osipov fekk ikkje rating så tidleg som indiske Sarkar, og akkurat som Grønn påpeikar har ikkje Osipov meir enn rett over 1600 i rating nå som elleveåring.
Trur du at Anish Sarkar kan kome til verdstoppen i sjakk?
– Kjæledyr som gjer triks
Og det er nettopp det som er poenget til Atle Grønn: Det er umogleg å vite, sjølv kor mykje ein treåring briljerer, om han blir skikkeleg god i sjakk.
– Ein høyrer jo heile tida om vedunderbarn. Men vi veit jo ikkje om denne treåringen som sjuåring er villig til å trene eller har ei genuin sjakkinteresse. Dei er jo litt som kjæledyr som gjer triks, seier Grønn og held fram:
– Det er litt som om du lærer ein treåring avanserte måtar å multiplisere på. Slik som 120 gonger 315 og slikt. Det er jo utruleg imponerande om ein treåring gjer det, men det betyr ikkje at treåringen blir matematikar.
– Så du vil ikkje spå ein lysande karriere for Anish Sarkar?
– Nei. Det er jo ein imponerande eigenskap han har, men det er berre ein liten del av det å bli ein god sjakkspelar. Det skadar jo ikkje å ha dei eigenskapane han har, men han må trekke vinnarloddet ti gonger til på ti andre eigenskapar for å bli verkeleg god, avsluttar Atle Grønn.
Gukild: – Jeg skal aldri tilbake hit 01:52
Publisert 27.11.2024, kl. 11.14