Advokatutgiftene har skote i vêret på to år - no varslar skitopp grep

4 months ago 54


– Eg tenker at det er synd at så mykje pengar må gå med til advokatar, men eg trur òg Skiforbundet har lært av det. No er det ein stor vilje til å ha førebyggande tiltak med openheit og dialog med utøvarar, så ein slepper slike saker i framtida, seier Karianne Løken.

Ho er nyvald leiar av etisk komité i Skiforbundet.

Ho legg til:

Det er ein uheldig situasjon, men må ein så må ein.

For mens Skiforbundet slit veldig økonomisk, bruker dei millionsummar på advokatar i ulike konfliktar, og kostnadene har auka markant undervegs i Tove Moe Dyrhaugs første periode som skipresident.

Det viser ei oversikt NRK har henta inn.

For eksempel brukte dei i underkant av 400.000 kroner i det første halvåret under Dyrhaugs leiing (andre halvår 2022), mens det frå 1. januar og fram til 12. juni i år var på nærare 1,8 millionar kroner.

– Manglande respekt for utøvarane

Ein av konfliktane er den mykje omtalte striden om ein ny landslagsavtale.

Der hyra Skiforbundet ein eigen advokat, samtidig som dei betalte ei millionrekning for advokatutgiftene til utøvarane.

Konflikten varte i feire år, og løysningen kom ikkje før i april 2024. Det trass i at forbundet sitt eige lovutval gav støtte til utøvarane allereie hausten 2022.

Konflikten mellom skistjernene og Norges Skiforbund

Året etter at lovutvalet kom med si vurdering, sto styret i Skiforbundet framleis på sitt, så dei bad Idrettsforbundets lovutval sjå på saka. Berre éin styremedlem stemte imot. Dåverande skistyremedlem, Kristin Gjertsen, er sitert på følgjande i styrereferatet:

– I sum risikerer vi stort omdømmetap, reduserte inntekter og auka kostnader. Det har ikkje NSF råd til i noverande situasjon.

NIF sitt lovutval var i stor grad samd med Skiforbundets lovutval, og i april 2024 landa partane til slutt på ein landslagsavtale der utøvarane meir eller mindre fekk det som dei ønskte.

Då hadde advokatkostnadane i saka vakse til rundt 1,4 millionar, viser tala NRK har innhenta.

I tillegg hadde konflikten ført til ei rekke negative medieoppslag:

NRK-sak om at Lucas Braathen mister søvn pga konflikten med eget forbund

MEDIESTØY: Den langvarige konflikten mellom Skiforbundet og eigne stjerner førte til ei rekke medieoppslag. Lucas Braathen, Aleksander Aamodt Kilde og Johannes Høsflot Klæbo var talspersonar. 

NRK-sak om at Lucas Braathen la opp

Til slutt fekk stjernealpinist Lucas Braathen nok, og han valde å slutte på det norske landslaget. Nå skal han køyre for Brasil framover. Braathen brukte pressekonferansen til å lange ut mot Skiforbundet. 

NRK-sak om konflikthåndtering

Braathen-sjokket fekk enormt med merksemd, og Skiforbundet fekk kritikk for handteringa i saka. 

NRK-sak om beklagelse fra skitopp

Før jul fekk Kilde, Klæbo og Braathen skriftleg unnskyldning frå ein styremedlem i Skiforbundet, men det skulle framleis ta fleire månader og advokatkroner før saka var løyst. 

NRK-sak om Kildes forbundskritikk

Kilde la ikkje skjul på kor skuffa han var over den norske skileiinga. I februar i år gjekk han svært hardt ut i eit NRK-intervju, og utsegnene fekk mykje merksemd. 

NRK-sak om at utvalgsmedlem trekker seg

Og bråket varte heilt fram til det siste. Til og med samansetninga av sjølve utvalet som blei sett ned for å løyse konflikten, blei kraftig kritisert. 

Så kva seier Gjertsen no?

Den verste konsekvensen av sommel i saka knytt til landslagsavtale, var etter mi meining manglande respekt for utøvarane. Heldigvis blei prosessen i vår til slutt gjennomført slik at deltakande utøvarar uttrykte positivitet, både til resultatet og sluttprosessen. Det gir godt håp om bra samhandling framover òg, seier den tidlegare styremedlemmen.

Kristin Gjertsen november 2

TIDLEGARE STYREMEDLEM: Kristin Gjertsen var ein del av skistyret fram til juni i år.

Foto: Inger Kristine Lee / NRK

Varslar grep

I tillegg til advokatbruk i konflikten om landslagsavtala, leigde Skiforbundet inn advokatfirmaet Elden då tidlegare landslagstrenar i hopp, Alexander Stöckl, hamna på kant med landslagsutøvarane.

Stöckl forlét jobben og varsla søksmål mot Skiforbundet, før dei etter kvart fann ei løysing.

Utan å ha innsikt i dei prosessane som har ført til alle desse konfliktane, er det vanskeleg å uttale seg. Men det verkar ganske openbert at dialogen med utøvargruppa ikkje har vore god nok, det har enda med konfliktar. Det ønsker vi å jobbe med skistyret om no og prøve å bruke andre verkemiddel på eit tidlegare tidspunkt, seier Løken i etisk komité.

For Stöckl-konflikten kosta òg meir enn advokatkroner og sluttpakkepengar. Både den saka, meir hoppbråk og dårleg økonomi har fått stor merksemd i media:

NRK-sak om Forfang vs. Stöckl

MEDIESTØY: Det er ikkje berre bråket rundt landslagsavtalen som har skapt negative overskrifter. Konflikten rundt Alexander Stöckl fekk mykje plass i media tidlegare i år. 

NRK-sak om Clas Brede Bråthens oppsigelse

Det same fekk den langvarige krangelen mellom Skiforbundet og daverande hoppsjef Clas Brede Bråthen. 

NRK-sak om styremedlems konkursadvarsel

Forbundsøkonomien har òg ført til oppslag i ulike medium. Denne saka er frå juni i år. 

VG-sak om Moe Dyrhaugs presidentlønn

Nokre dagar seinare skreiv VG at lønna til skipresidenten hadde blitt heftig diskutert.

VG-sak om nedskjæringer

VG skreiv vidare at det går mot oppseiingar.

NTB-sak om at Skiforbundet mister hovedsponsor

Få dagar seinare blei det kjent at Skiforbundet mistar hovudsponsoren etter den kommande sesongen. 

NTB-sak om økonomisk krise rammer utøvere

Og rett før helga opplyste Skiforbundet at landslagshopparane nå må betale ein eigendel på 50.000 kroner kvar. 

Kommunikasjonsutgiftene har òg auka dei siste åra.

Her skal det òg nemnast at ein person frå kommunikasjonsavdelinga i Skiforbundet no er leigd ut til VM i Trondheim. Skiforbundet opplyser at dei, veldig grovt fortalt, får pengar inn for denne utleigde ressursen og bruker dei pengane til å hente inn ekstern hjelp.

Må punge ut for å vere på landslag

Totalt har Skiforbundet, sidan Tove Moe Dyrhaug overtok som president i juni 2022, brukt rundt 7 millionar på eksterne, sett bort frå eit merkevareprosjekt som blei starta før ho blei vald.

Pengebruken fordeler seg slik:

No er altså Skiforbundet i ein situasjon der hopparane må punge ut ein eigendel på 50.000 kroner kvar for å vere på landslag.

Eks-styremedlem Gjertsen har varsla om «reell konkursfare innan kort tid», og i slutten av juni skreiv VG at det går mot nedbemanning. Nyleg vart det òg kjent at langrenn mister hovudsponsoren sin etter komande sesong.

Men det er uaktuelt å kutte i administrasjonen.

Det sa generalsekretær Arne Baumann til NRK i starten av juni.

Han sa då at dei hadde tatt tak i dei økonomiske utfordringane og bestemt seg for ikkje å erstatte stillingar som dei har hatt ledige.

– Er det slik at ein har slanka administrasjonen så mykje som det går an?

– Ja.

– Det er ingenting meir å gå på?

– Nei.

Arne Baumann på talerstolen på skitinget 2024

GENERALSEKRETÆR: Arne Baumann i Skiforbundet.

Foto: Norges skiforbund / NTB

Administrasjonen tel, ifølge nettsidene til Skiforbundet, 24 personar. Ein av desse er no utleigd til VM i Trondheim.

Løken i etisk komité understrekar at ho ikkje har det heile og fulle bildet, men seier:

Oppfatninga er at dei skjønner godt kva for ein økonomisk situasjon ein er i no. Skiforbundet har vedtatt eit langtidsbudsjett der det å få betre kostnadskontroll er viktig. Generelt meiner eg at ein bør snakke litt meir ope og høgt om kva ein har gjort feil og korleis ein skal rette det opp framover, seier ho.

Baumann: – Vi må trekke lærdom

Skiforbundet erkjenner at dei brukte for lang tid, og dermed òg for mykje pengar på arbeidet med landslagsavtalen. Dei meiner derimot at advokatbruken ikkje er problematisk totalt sett.

Skiforbundet er ein stor organisasjon med eit budsjett på nesten ein halv milliard kroner. Vi har ikkje tilsette advokatar, og det betyr at vi heller har valt å bruke pengar på juridisk hjelp eksternt når det er behov for det. Dei største utgiftene det siste året dreier seg om prosessen med landslagsavtalen, seier generalsekretær Arne Baumann.

Sesongåpning Beitostølen

GENERALSEKRETÆR: Are Baumann har vore øvste administrative leiar i Skiforbundet sidan august 2023.

Foto: Geir Olsen / NTB

Dei har brukt rundt 1,4 millionar på landslagsavtalen, og ein del pengar har òg gått til andre konfliktar. I kor stor grad kunne desse konfliktane, og dermed òg pengebruken, vore løyst på eit tidlegare stadium, slik at de kunne brukt pengane på andre ting?

I denne konkrete saka har vi fleire gonger erkjent at ho burde vore løyst langt tidlegare, sjølv om det var fleire ulike oppfatningar og tolkingar av det juridiske, seier Baumann og legg til:

Mi vurdering er at vi må trekke lærdom av korleis vi løyste utfordringane med landslagsavtalen. Av fleire ulike årsaker tok det lang tid å få samla utvalet rundt same møtebord, men da vi først kom dit så fekk vi etablert ei felles plattform og fann ei felles løysing.

Sett i lys av dagens økonomiske situasjon i forbundet, kva tenker du om desse advokatutgiftene, Baumann?

Det er ikkje eit godt teikn når partar i same organisasjon nyttar advokatar for å diskutere interne forhold. Gjennom open og tillitsfull dialog bør vi i fellesskap søke å løyse dei interne utfordringane våre, og vi må gjere det vi kan for at dette ikkje skjer framover. Skiforbundet må nok òg i framtida bruke pengar på advokatar, det er heilt nødvendig i verksemda vår, seier generalsekretæren.

Publisert 13.07.2024, kl. 16.32

Read Entire Article