Måndag startar haustsemesteret ved landet sine høgare utdanningsinstitusjonar.
Nesten 110.000 har fått tilbod om studieplass ved eit av landets universitet og høgskular.
– Eg er veldig spent. Det kriblar litt i magen, seier May Johnsen.
Saman med Pernille Tollefsen har ho funne seg ein plass på plenen utanfor NTNU i Trondheim måndag.
Begge skal starte på årsstudium i pedagogikk, og har aldri vore studentar før.
– Eg trur at det blir veldig spennande. Det er artig å vere her, sjå folket og finne ut kven ein skal bli kjent med.
– Eit nytt kapittel i livet
Kaja Ingdal Hovdenak, er leiar for Norsk studentorganisasjon (NSO). Ho trur det er mange som no er spente.
– Studiestart er nok først og fremst ei spennande tid for dei mange tusen som begynner på studia sine i dag.
Samstundes påpeiker ho at det ikkje berre er lett å gå inn i den nye tilværet som student.
– Studietida blir ofte skildra som den beste tida i livet.
– Eg huskar eg følte på mykje forventingar og at eg følte på at eg måtte skjerpe meg for at det skulle leve opp til forventningane.
Sjølv om mange no må utanfor komfortsona trur ho likevel det kjem til å gå bra for dei fleste.
– Studietida er ei tid der ein får utfordra seg sjølv ved å bli kjent med mange nye menneske, kanskje flytte til ein ny stad og ikkje minst lære mykje nytt.
– Det er eit nytt kapittel i livet som startar for mange i dag, så det er det berre å nyte.
Klar for fadderperiode
At det er høge forventningar knytt til å starte som student, er ikkje dei ferske studentane ved NTNU i tvil om.
– Eg veit at det kan gå begge vegar. Men det verkar lovande, seier Johnsen.
Ho trur at den neste tida blir både spennande og artig, men legg ikkje skjul på at det kjem ansvar med å bli studentar for første gong.
– Du må ha litt disiplin, seier ho.
– Det blir greitt å komme seg litt ut i vaksenlivet. Men begge to bur framleis heime og snyltar på mor og far, så sånn sett går det jo fint, legg Johnsen til.
Kasper Kvale Sæterheim har tru på at det skal gå fint å vere student, men han er også førebudd på å snuble litt i starten.
– Eg tenker at det blir greitt. Det blir å stryke i eitt par fag og svi litt mat, så finn ein vel ut av det etter kvart.
Den ferske studenten frå Oslo har flytta til Trondheim for å starte på kybernetikk og robotikk-studiet.
– Eg veit ikkje heilt kva kybernetikk er ennå, ler han.
Håpar på koseleg år
Lenger nord er Yngve Leander Eide Iversen klar for å starte på bioteknologi ved Universitetet i Tromsø.
– Det blir spennande. Eg har komme langt sørfrå. Så tenkte eg skulle komme opp hit for å sjå om korleis det er i nord.
– Kva forventningar har du til studiet som du skal begynne på?
– Eg er ikkje den som har mest forventningar, men eg håpar at vi får eit koseleg år og møter nye kameratar.
Nora Selvig og Tora Tettmo står klare for å ta imot førsteårsstudentane som kjem hit.
– Eg tenker vi må vere hyggelege og greie og ta dei imot med opne armar, slik at dei kjenner seg trygg, seier Selvig.
– I fjor hugsa eg at eg var ganske nervøs sjølv. Det er nok det som går gjennom hovudet på dei, ja. Og så er det jo veldig mykje folk her, seier Tettmo.
Færre lærarstudentar
Av dei nesten 110.000 ferske studentane som fekk tilbod om studieplass i årets opptak, vil nesten 20 prosent gå i gang med eit studie innan økonomisk-administrative fag.
Nest størst er helsefaga med 18,4 prosent av dei nye studentane.
Søkartala til lærarutdanninga har derimot falt dei siste åra. I år er det 6,8 prosent færre som har fått studieplass ved ei lærarutdanning.
Nedgangen er eit faktum sjølv om regjeringa opna for mogelegheita til å sjå bort frå karakterkrava i norsk og matematikk.
– Vi treng lærarar. I mange kommunar er det problem med å rekruttere lærarar. Så no tar vi et grep for å få fleire lærarar med lærarutdanning ut i norske skolar, sa forsking- og høgare utdanningsministeren, Oddmund Hoel, om tiltaket i juni.
Publisert 12.08.2024, kl. 14.43 Oppdatert 12.08.2024, kl. 14.48