Cameron: Hamas har fått tilbod om våpenkvile i 40 dagar

Israel har kome med eit tilbod om våpenkvile i 40 dagar, mot at Hamas set fri dei israelske gislane, seier Storbritannias utanriksminister David Cameron, ifølge Reuters. – Eg håper Hamas takkar ja til denne avtalen, sa han i samband med eit møte under Verdas økonomiske forum i Riyadh i Saudi-Arabia måndag. Vestlege og arabiske toppolitikarar er samla i Saudi-Arabia for å diskutere ei våpenkvile og gisselavtale mellom Hamas og Israel. USA, Egypt og Qatar har prøvd å mekle fram ein avtale sidan januar. Ein delegasjon frå Hamas er måndag i Kairo i Egypt for å snakke med meklarar og svaret på det israelske forslaget. Ei høgtståande Hamas-kjelde skal søndag ha sagt at gruppa er positiv til forslaget.

Apr 29, 2024 - 16:00
 0