Yee-haw! Vi surfar på countrybølgja

4 months ago 24


På same tid i fjor hadde Noreg ingen countrylåtar på Spotify sin topp 200 liste. I år kan vi finne fleire låtar, og sjangeren er blant dei største.

Nokre av dei mest populære låtane er mellom anna Shaboozey - A Bar Song, Dasha - Austin og Beyoncé - Texas hold'em.

Og statistikk frå strøymetenesta viser at vi nordmenn lyttar nesten 50 prosent meir på country i år enn i fjor.

Større marknad

Det er nokre marknadskrefter bak det. God musikk appellerer jo gjerne til massane.

Det seier countryartist Nora Legrand (29) frå Isfjorden, som sjølv lyttar på både popmusikk og countrymusikk.

Nora Legrand

Nora Legrand gleder seg til å sleppe sitt første countryalbum i haust.

Foto: Privat

Eg var 13 år då eg oppdaga Taylor Swift, så utvikla interessa seg til Carrie Underwood, Chris Stapleton og Brandi Carlile.

Den unge countryartisten frå Romsdal har alltid følt seg heime i USA. Det var på utveksling i Tennessee at Legrand studerte bluegrass og countrymusikk ved East Tennessee State University.

Med inspirasjon frå amerikansk country, har ho no gitt ut eigen musikk og skal spele konsertar rundt om i landet.

For meg har sjangeren alltid vore ærleg og ekte. At det er ei countrybølgje i landet er jo veldig spennande.

Kva er ditt forhold til country?

Beyoncé og Post Malone

Adiele Helen Krüger Arukwe, redaksjonsleiar i P3, seier at det finst fleire grunnar til at country no pregar hitlistene.

– Det er mogleg å spekulere i om det har noko med Beyoncé-albumet å gjere. Ho er jo ein av verdas største artistar.

Adiele, musikksjef i NRK P3

Adiele Helen Krüger Arukwe trur country alltid vil vere inn og ut av hitlistene i Noreg.

Foto: Chai Saeidi

Arukwe trur at popartistar som Taylor Swift, Lil Nas X, Post Malone og nettopp Beyoncé har vore delaktive i at nordmenn har fått smaken for sjangeren.

– Beyoncé opna nok døra for mange folk som ikkje er så kjende med country. Men eg trur sjangeren er såpass etablert at den alltid vil vere ein del av populærmusikken.

Blandar sjangrar

Den kommersielle countrymusikken i USA nærmar seg klassisk popmusikk. Arukwe tru at det også kan forklare kvifor fleire lyttar på sjangeren.

– Det blir ikkje opplevd som like tradisjonelt. Vi har eksempel på låtar som vi kallar bro-country og popcountry, som inneheld fleire element av hip-hop og populærmusikk.

Har du ikkje høyrt om bro-country? Jau då, det har du:

Kjenner du ikkje til tradisjonell country? Du har nok høyrt denne:

Er popcountry nytt for deg? Nei da, det har du nok høyrt før:

Lil Nas X og Billy Ray Cyrus

Lil Nas X (25) og Billy Ray Cyrus (62), tok over hitlistene i 2019 med låten Old Town Road.

Foto: Richard Shotwell / AP

Krig og uro i verda

Tonje Hovde er dagleg leiar for plateselskapet Tylden. Ho trur at fleire år med pandemi og uro i verda har trekt folk til countrymusikken.

– Countrytekstar er meir prega av kvardagslivet, og vil gi menneske det nære og trygge.

TONJE HOVDE

Tonje Hovde meiner sjangeren har påverka både musikk- og motestil i Noreg.

Foto: Ella A

For tre år sidan signerte selskapet Carina Dahl. Den daglege leiaren trur sjølv at den globale trenden har påverka populariteten for norske artistar.

– Vi ser det heilt tydeleg at det er ein auke av countryfestivalar i landet. Dei siste to åra har det eksplodert for Carina Dahl.

Det var Taylor Swift som fekk Carina Dahl countryfrelst!

Hovde synest det er kjekt å sjå at interessa for country også spreier seg utover distrikta. Ho trur at digitale plattformer og miksing av sjangrar bør få æra for denne veksten.

– Det har vore ein suksess å krysse countryartistar i pop- og rockeverda. No kan også folk dele og oppdage ny musikk enklare.

Tonje Hovde seier at selskapet no er på jakt etter fleire countryartistar.

Det blir spennande å sjå kor lenge bølgja varer.

Publisert 19.07.2024, kl. 18.54

Read Entire Article