Vil prøve å unngå avliving av servalen Niño

3 hours ago 3


I eit varsel frå Mattilsynet til eigaren av servalen står det at Mattilsynet vurderer å fatte eit vedtak om å omplassere servalen Niño.

Det var VG som først melde om saka.

– Mattilsynet gjer no det einaste som er rett, slik min klient ser det, nemleg at ein går for ei omplassering framfor ei avliving, seier kvinna sin advokat, Roy André Håkonsen Arteid til NRK.

Dersom ei omplassering ikkje går i orden, vil servalen bli avliva, står det vidare i varselet.

Men Mattilsynet går inn for omplassering, skriv seksjonssjef Kjerstin Helene Kolvik Iversen i ein e-post til NRK.

Per no jobbar me først og fremst for å finne ei løysing for omplassering. Dersom det ikkje blir mogleg å omplassere servalen, vil han dessverre bli avliva.

– Me er varsamt optimistiske etter å ha lese varselet, seier Håkonsen Arteid.

Ulovleg importert

Sidan servalen først blei observert gatelangs i Os i Bjørnafjorden sommaren 2023, har det vore knytt usikkerheit til kva som skulle bli skjebnen til det ulovleg importerte dyret.

Miljødirektoratet har tidlegare uttalt at dei ikkje såg gode alternativ til avliving, og eigaren levde eit år i skjul saman med dyret i frykt for at myndigheitene skulle avlive kjæledyret hennar.

I september vart eigaren pågripen i Haugesund. Servalen har sidan vore i Vest politidistrikt, og seinare Mattilsynet, sin varetekt.

Kvinna er sikta for ulovleg dyrehald og medverking til innføring av dyret, og har erkjent straffskuld.

Ikkje klart om Mattilsynet har funne ny eigar

Det står ikkje noko i varselet om Mattilsynet har funne nokon som kan ta over dyrehaldet av servalen, eller om han blir verande i landet.

– Inntrykket mitt er at ein til så lenge ikkje har funne ny dyrehaldar, men at ein kanskje er i gang med å undersøke, seier Håkonsen Arteid.

– Det å avlive Niño verkar heilt meiningslaust når det har vore fleire stader som har gått ut og sagt at de kan ta imot Niño, seier han.

Tidlegare har både Dyreparken i Kristiansand og eit reservat i Sør-Afrika vore foreslått som moglege løysingar for omplassering.

No kan det vere ein dyrepark som reddar livet til kattedyret.

Stort kattedyr av typen serval

Foto: STEFFEN LJOSHEIM / STEFFEN LJOSHEIM

Mattilsynet vil ikkje gå ut med konkrete stader som blir vurdert for omplassering, men nemner dyrepark som eit døme på ein ny eigar.

– Mattilsynet har gjennom dei siste vekene, med hjelp frå fagpersonar, vurdert kvalifikasjonane til dyret for omplassering til for eksempel ein dyrepark. Konklusjonen er at dette kan vere ei mogleg løysing gitt at ho kjem til ein stad der levemiljø og tilvære blir tilpassa dyret, skriv Kolvik Iversen.

Dei vil heller ikkje gå nærare inn på om servalen blir verande i Noreg eller ikkje.

Dei har heller ikkje gjeve nokon indikasjonar til eigaren på kvar servalen kan ende opp, seier Håkonsen Arteid.

– Men igjen, veldig positivt at Mattilsynet no vurderer omplassering og ikkje avliving. Det er ein god nyheit i seg sjølv, seier han.

Ber eigaren dekke utgifter

Mattilsynet har òg varsla eit vedtak om å halde eigaren ansvarleg for kostnadane dei har hatt ved oppbevaring av servalen.

– Me har ikkje rukke å drøfte det, men ho tar det så langt til orientering, seier Håkonsen Arteid.

– Så er det ikkje det som står i fokus nå, men at Niño får leve vidare. Så får me ta stilling til det, vi har fått ein frist på ein veke til å komme med ein uttale til førehandsvarselet.

Publisert 15.10.2024, kl. 17.15 Oppdatert 15.10.2024, kl. 17.19

Read Entire Article