Vil døype om haustferien: – Vi må ta grep

1 month ago 14


Vatne vil døype om haustferien til leseferie, slik som Sverige har gjort.

– Eg tenker at no når vi ikkje er så opptatt med å ta opp poteter lengre, dei fleste av oss, så kan vi investere tida i noko anna. Det gjer oss godt, både for hjernen, sinnet og kroppen.

Undersøkingar viser nemleg at leseferdigheitene til unge går ned, og det bekymrar forfattaren.

I 2016 døypte dåverande statsminister Stefan Löfven og hans regjering haustferien om til läslov/leseferie. Dei sette samtidig av 5 millionar svenske kroner som skulle brukast til å auke leseaktiviteten.

Leseferien er for alle i skolealder, frå førskule til vidaregåande. Det er ei veke med arrangement og aktivitetar som fremmer leselysten.

Forfattaren meiner ein må sjå til nabolandet.

Forfatter Bjørn Vatne i byparken

Bjørn Vatne er leiar i den norske forfattarforeininga.

Foto: Haavard Jangaard Strand

Mindre leselyst

Vatne meiner det er fleire grunnar til å arbeide for å auke leselysten blant barn og unge.

– Vi ser at norske barn og unge får mindre og mindre lyst til å lese og dårlegare evne til å lese.

Han fortel at ei internasjonal undersøking viser at 63 prosent av norske 15-åringar ikkje les viss dei ikkje må.

Vidare fortel han at ei anna undersøking, som måler leseferdigheit, viser at norske tiåringar for fyrste gong begynner å droppe i leseferdigheit.

– Det er såpass kritisk at vi må inn å ta grep, meiner Vatne.

Synest du ein burde døype om haustferien til leseferie?

Les litt kvar dag

Vatne fortel at løysninga for å lese meir er å lese litt kvar dag. Han meiner ein kan gjere det same som når ein trener, og gjerne tenke på det som ein slags økt.

– Sett av ein halvtime eller eit kvarter. Slå av eller legg vekk telefonen og sett på ei stoppeklokke. Sett deg ned og bruk den tida.

Forfattaren anbefaler alle å ta seg ein tur på biblioteket i haustferien.

Strikkekurs på Moa bibliotek

Folk var samla til strikkekurs på Moa bibliotek.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Fint å bruke haustferien til å lese

Bibliotekar ved Moa bibliotek, Kari Nesdal, fortel at dei opplever god pågang av folk i haustferien.

– Det er jo mange som reiser bort, men det er mange som er heime, så vi har ofte stort besøk i haustferien.

Bibliotekar Kari Nesdal - Moa bibliotek

Bibliotekar Kari Nesdal fortel at det er særleg god pågang av folk på biblioteket viss det er dårleg vêr.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Nesdal synest det er fint å kunne bruke haustferien på å lese.

– Eg er ikkje negativ til å døype om haustferien til leseferie.

Bibliotekaren fortel at dei i haustferien arrangerer forskjellige aktivitetar retta mot barn. Dei har hatt både brettspilldag, alfabetjakt og strikking.

Nesdal meiner biblioteket har eit spesielt ansvar for lesing og leselyst. Dei prøver å gjere sitt for å auke leselysten blant barn og unge.

– Vi prøver å kjøpe inn bøker som er etterspurt, og stille oss til disposisjon når lærarane spør om bøker som skal brukast på skulen. Vi prøver å ha aktivitetar som relaterer seg til lesing. Om sommaren er det sommarles, som er veldig populært.

Åshild Solevåg og dottera Anna Sofie

Åshild Solevåg og dottera Anna Sofie er på biblioteket i haustferien.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Viktig at ungane les

Åshild Solevåg er innom biblioteket med ungane sine. Ho fortel at dei er ganske ofte på biblioteket.

– Eg trur vi synest det er kjekt alle saman. Ungane er veldig glad i å lese og sjå på bøker.

Solevåg synest det er viktig at ungane hennar les.

– Eg likte godt å lese når eg var barn, og synest det er viktig at dei og får oppleve det. Det er jo bra for utviklinga deira, for fantasien og så får dei oppleve veldig mykje i bøkene.

Publisert 13.10.2024, kl. 07.37

Read Entire Article