VIF-assistenten forsvann: Meiner Klopp har «skulda»

3 days ago 8


Da Jürgen Klopp sjokkerte fotballverda i januar ved å seie at han ikkje fortsette som Liverpool-manager, trudde nok dei færraste at det skulle påverke norsk fotball.

Men da må du tru om igjen.

Vi kjem straks tilbake til den bisarre forklaringa.

Toppserien 2024 Vålerenga - Rosenborg

MÅTTE FINNE NY ASSISTENT: Nils Lexerød fekk på sett og vis merke at Klopp gav seg i Liverpool.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Anfield-avgjerd påverka Oslo øst

Vålerengas kvinner tok seg til gruppespelet i Meisterligaen førre veke. På trenarbenken jubla hovudtrenar Nils Lexerød med ein annan assistenttrenar enn han hadde for berre få månader sidan.

Assistenttrenar Joakim Klæboe forsvann nemleg til Sarpsborg 08 i sommar.

– Det som er litt morosamt med den Joakim Klæboe-historia er at ho begynner med Jürgen Klopp, seier Lexerød i podkasten VPN.

Så korleis kunne Klopps avgjerd ha ein innverknad på det som skjedde på Oslo øst – over 110 mil unna Anfield?

For å finne svaret må vi på ein rundtur i Europa som inneheld ein trenarkabal av dei sjeldne.

Dominoeffekten starta med at Klopp 26. januar annonserte at han skulle gi seg i Liverpool etter sesongen.

Jürgen Klopp etter sin siste kamp som Liverpool-manager

FARVEL: Jürgen Klopp i mai etter sin siste kamp som Liverpool-manager.

Foto: Phil Noble / Reuters

Klopps dominoeffekt

  • Arne Slot drog til Anfield frå Feyenoord for å erstatte Klopp.
  • Feyenoord henta Brian Priske frå Sparta Praha for å fylle rommet etter Slot.
  • Sparta Praha signerte Jens Berthel Askou frå IFK Göteborg som ny assistent.
  • IFK Göteborg erstatta Askou med Stefan Billborn frå Sarpsborg 08.
  • Sarpsborg 08 signerte Christian Michelsen.
  • Christian Michelsen trong ein assistent og henta Joakim Klæboe, som på det tidspunktet var assistenten til Nils Lexerød i Vålerenga.

Det sørgde dermed for eit behov for ein ny assistent i Vålerenga. Trenar Lexerød og VIF henta Aleksander Olsen frå Brann.

– Det har ikkje påverka oss noko meir enn at Aleksander eigentleg er siste ledd i den kjeda som utløyste seg med at Jürgen Klopp slutta i manager for Liverpool, seier Lexerød.

– Det resulterte i at Sarpsborg henta Joakim Klæboe hos oss etter mange, mange ledd, samanfattar Vålerenga-trenaren.

Håpar på Klopp-møte

Joakim Klæboe er godt kjent med dominoeffekten, som starta med Klopp, før NRK tar ein telefon.

 Sarpsborg 08 - Haugesund (2-2)

KLOPP TIL KLÆBOE: Joakim Klæboe forlét Vålerengas kvinner som følge av dominoeffekten.

Foto: Christoffer Andersen / NTB

– Det er vel sånn det er i fotballen og yrkeslivet generelt. Ting på toppen kan forplante seg lenger ned. Da Klopp slutta, var ikkje det første eg tenkte at eg skulle hamne i Sarpsborg 08. Eg synest det er artig å vere ein del av ei sånn historie og føljetong.

– Eg hadde ikkje brydd meg om eg ikkje hadde vore så inspirert av Klopp, seier Klæboe.

For forutan å ha felles initialar som Jürgen Klopp, altså «J.K.», har Joakim Klæboe også henta mange idear frå spelestilen til tyskaren i Liverpool.

– Hadde du vore i Sarpsborg 08 i dag utan Klopp?

– Eg trur ikkje vi skal dra dei linjene så langt, men ein veit aldri. Med fasit i handa er det rett, så det er ei artig historie. Skulle eg vere så heldig å møte han ein gong, så må eg passe på at eg drar opp den historia, humrar Klæboe.

Aleksander Olsen

SISTE LEDD I KJEDA: Aleksander Olsen gjekk frå Brann til å bli Vålerengas assistenttrenar.

Foto: Eirik Fure/NRK

Lykkeleg slutt

Tilbake på Valle Hovin i Oslo har Klæboe altså blitt erstatta av Olsen. Den nye assistenten blei henta frå Brann, og var med på Meisterliga-eventyret for bergensarane førre sesong, der Anderlecht blei slått 3–0.

Nå kunne han feire ein ny siger over Anderlecht med eit nytt Meisterliga-eventyr i vente. Ringen er slutta.

Men nokon takk frå norsk fotball får neppe Klopp.

– Eg er litt usikker på om Klopp tar telefonen viss eg ringer med det norske nummeret mitt, men eg er veldig glad for å vere her. Det er ei artig greie å tenke på, smiler Olsen.

Dermed fekk historia ein lykkeleg slutt for alle partar. Også Klæboe.

– Eg vil takke for tida i Vålerenga og er veldig glad for at dei er i posisjonen dei er i. Eg er stolt over å ha vore med på det – med eller utan påverking av Jürgen Klopp, avsluttar Klæboe.

Publisert 03.10.2024, kl. 05.31

Read Entire Article