Vidunderbarn slo Carlsen med to år: – Sensasjonelt

3 hours ago 6


– Det er ein utruleg prestasjon. Det er vanskeleg å ta innover seg at ein som er så liten kan ha både kunnskapen og konkurranseferdigheitene til å vere på eit så høgt nivå, seier Torstein Bae, NRKs sjakkekspert.

Det er berre å merke seg namnet med ein gong:

Yagiz Kaan Erdogmus.

Tyrkaren blei for berre fire månader sidan den høgast rangerte spelaren i historia før fylte 13 år.

Nå har ungguten vore på rekordjakt igjen og smadra rekorden som den yngste nokosinne til å runde 2600 i ratingpoeng – ein skår som av mange blir sett på som ei magisk grense i sjakken.

NRKs sjakkekspert Torstein Bae avbildet i sjakkstudio på Marienlyst

SJAKKEKSPERT: Torstein Bae.

Foto: Lars Bryne / Lars Bryne

Tyrkaren var 13 år, 3 månader og 28 dagar da han klarte det, skriv Chess.com, som omtalte saka først. Han slo dermed rekorden til amerikanske John Burke som var 14 år.

Erdogmus klarte bragda etter å ha storspelt i sjakkolympiaden i Ungarn, der han tok 8 av 11 poeng.

Til samanlikning brukte verdseinar Magnus Carlsen 15 år på å runde 2600 i ratingpoeng.

– At denne unge tyrkaren klarer dette i ein alder av 13 år, som heller ikkje Magnus har klart, er sensasjonelt, seier Bae.

– Framtidig verdsmeister

NRKs sjakkekspert meiner det er sensasjonelt i seg sjølv at tyrkaren allereie er stormeister – den høgaste tittelen i sjakk. Det er berre sju stormeistrar under sju år i verda.

– Men av stormeistrar så er det dei aller færraste som nokon gong klarer å krysse denne magiske grensa på 2600 poeng. Kravet for stormeistrar er 2500 poeng. 2600 poeng er det ein kallar superstormeister. Da skjønner ein at det er ein eigen klasse av stormeistrane. Det er eliten av stormeistrar, seier ein forbløffa Bae.

Norway Chess

STORMEISTER: Sjakhrijar Mamedjarov har trena den tyrkiske ungguten. Mamedjarov trur Erdogmus kan bli ein framtidig verdsmeister.

Foto: Carina Johansen / NTB

Stjernespelaren Sjakhrijar Mamedjarov er ein av fleire stormeistrar som har trena ungguten. Mamedyarov har tidlegare fortalt til Chess.com at han trur Erdogmus kan gå heilt til topps.

– Eg er veldig fornøgd med å jobbe med Yagiz. Eg ser på han som ein spelar som kan nå 2800 og bli ein framtidig verdsmeister, sa Mamedjarov​​​.

Bae er einig.

– Erdogmus blei stormeister for ikkje så lenge sidan, og nå sprett han opp på denne grensa utan problem. Det er ein utruleg spennande spelar som kan vere ein framtidig verdsmeister.

Hylla av medelevane

Bragdene til skoleeleven vekker ikkje berre oppsikt i sjakkmiljøet. Pappa Selahattin Erdogmus delte nyleg ein rørande video av sonen som blei tatt imot som ein helt da han kom tilbake på skolen etter sjakkolympiaden.

Til øyredøyvande jubel blei han møtt med klemmer og «high fives» av medelevane.

Erdogmus

HYLLA: Her blir Erdogmus teke i mot som ein helt av medelevane.

Foto: Selahattin Erdogmus

Så får ein sjå om det blir meir jubel for vedunderbarnet Erdogmus under den NRK-sende verdsmeisterskapen i lyn- og hurtigsjakk i romjula.

Med ratingen til ungguten er han sikra ein plass i New York.

– Ofte er dei yngste spelarane aller best med kort tenketid. Kanskje han verkeleg kan hevde seg?, spør Bae.

Utrolig prestasjon: Scoret fra avspark i to kamper på rad 01:03

Publisert 05.10.2024, kl. 21.22

Read Entire Article