Vi burde fjerne ordet «sommarkroppen»

4 months ago 54


Me blir bombardert med bilete av «perfekte» kroppar – solbrune, veltrente og feilfrie. Men kva med oss som ikkje passar inn i dette snevre kroppsidealet?

VEGEN MOT EIGENKJÆRLEIK: «For meg har det vore ein lang reise for å akseptere kroppen min som han er», skriver Emma Stadaas. Foto: Privat
søndag 30. juni kl. 09:15

EMMA STADAAS, elev

Sommaren er her og mange har vore i hardtrening for å oppnå «sommarkroppen 2024».

Eg er født med det sjeldne syndromet Treacher Collins.

Som følgje av syndromet må eg ha gjennomført over femti operasjonar i løpet av mine tjueein år.

Dette har ført til at kroppen min er full av arr som vitnar om kampane eg har gått gjennom for å leve eit så normalt liv som mogleg. I møte med det tradisjonelle kroppsidealet har eg ofte kjend på eit press og ei kjensle av å ikkje passe inn.

Til og med utanforståande folk har uttrykt sin meining om kroppen og arra mine.

Kommentarar som «du burde dekke deg til» og «arra dine er ikkje så pene» er ord eg har fått høyre fleire gongar.

Men kvifor er det slik? Kvifor skal me måle eigaverdien vår og andre sin, ut ifrå korleis kroppane vår ser ut i bikini eller badebukse?

OPPFORDRER TIL Å FEIRE MANGFOLDET: «Me må lære oss å akseptere og feire mangfaldet av kroppar. Store, små, tynne, runde, med arr, utan arr, funksjonshemma eller ikkje», skriver Emma Stadaas. Foto: Privat

Er det slik at me berre skal akseptere modellkroppane i samfunnet vårt? Då er eg redd for å skuffe deg, ved å seie at 99 prosent av samfunnet då ville blitt felt bort.

Majoriteten av oss er ikkje modeller.

Det er på tide at me endrar synet vårt på kropp og skjønnheit.

Ein kvar kropp som nyt sommaren, er ein sommarkropp.

Det er trist at eg må skrive dette i 2024.

Hva tenker du?Kvier du deg for å kle av deg på stranden? aNeida, man har den kroppen man harbJa, det gjør jegcLittdJeg drar ikke på stranden

Me må lære oss å akseptere og feire mangfaldet av kroppar. Store, små, tynne, runde, med arr, utan arr, funksjonshemma eller ikkje.

For meg har det vore ein lang reise for å akseptere kroppen min som han er.

Heile tida må eg måtte forsvare kroppen min mot forventningane og idealene som vert påtvunge oss frå alle kantar.

Men eg har innsett at styrke og skjønnheit ikkje handlar om å sjå ut som ein «Victorias Secret-modell».

Styrke handlar om å overvinne utfordringar som livet kastar på ein, og om å stå opp for retten til å vere den ein er.

Hva mener du?

Bli med i debatten!

Din mening er viktig, og Unge Meninger-redaksjonen i VG vil gjerne høre dine tanker.

Send inn leserinnlegget ditt til ungemeninger@vg.no.

Hvis du ikke har en ferdigskrevet tekst, men en idé eller forslag til temaer vi bør ha hos oss, tar vi gjerne en titt på det også!

Og her finner du våre beste skrivetips.

Vi snakkes!

Til deg som leser dette innlegget. Bruk sommaren til å reflektere over kva slags bodskap de send ut når de snakkar om «sommarkroppen».

Eigentleg burde ein fjerne ordet «sommarkroppen», og erstatte det med det enkle ordet «kroppen».

Lat oss jobbe saman for å skape eit samfunn der alle kroppar vert respektert og versett for det dei er.

La oss vere gode forbileter for dei kommande generasjonane som har foreldre og vennar som lærer dei at skjønnheit ikkje berre finst i det ytre.

Sommaren er for alle, og alle kroppar har ein plass i samfunnet. Lat oss feire mangfaldet og gå mot ein sommar der alle kjenner seg velkomne og verdsette, uansett korleis dei ser ut.

Les også

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til debatt@vg.no. Unge meninger-prosjektet er finansiert med støtte av Stiftelsen Tinius. Les mer.
Read Entire Article