VG: Forsvarar til drapssikta nordmann: – Han er i sjokk

1 month ago 20


Janne Puhakka (29) blei søndag drepen i Esbo utanfor Helsingfors.

Den sikta er ein mann i 60-åra frå Trøndelag. Han har forklart til politiet at han skaut Puhakka med ei hagle.

I dag blir nordmannen framstilt for varetektsfengsling.

– Han er i sjokk, seier den tiltalte sin advokat, Ville Luoto, til VG på veg inn til fengslingsmøtet.

Luoto har foreløpig ikkje svart på NRK sine gjentatte henvendelser. Det er ikkje kjent korleis den sikta nordmannen stiller seg til siktinga.

Drap-Finland-2

Onsdag morgon var krimteknikar på staden og gjorde undersøkingar.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Krimteknikarar på åstaden

Onsdag morgon var krimteknikarar til stade på drapsstaden.

Puhakka skal ha blitt drepen i huset der han og den sikta budde saman inntil nyleg.

– Basert på avhøyret var motivet for brotsverket slutten på forholdet mellom den fornærma og den mistenkte, skreiv finsk politi i ei pressemelding tysdag.

Ifølge politiet skal forholdet mellom den avdøde og den sikta ha tatt slutt for fleire veker sidan.

Puhakka skal ha flytta ut av paret sin felles bustad, men kom tilbake i forbindelse med nokre praktiske gjeremål da han blei drepen.

Politiet uttalte tysdag at dei har mistanke om at drapet var planlagd i minst ei veke.

– Men det er tvil om dette, tydeleggjorde etterforskingsleiar Matti Högman overfor den finske TV-kanalen MTV Uutiset.

Drap-Finland-2

Puhakka skal ha flytta ut frå huset for fleire veker sidan.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Første opne homofile spelar

Janne Puhakka vakte oppsikt da han i 2019 kom ut som homofil.

Det var første gong ein ishockeyspelar på øvste nivå i Finland kom ut som homofil.

I tillegg til å ha spelt for fleire klubbar på toppnivå i Finland, spelte Puhakka også for klubbar i Frankrike og Canada i løpet av hockey-karrieren.

Han la opp som spelar 2018.

Janne Puhakka, 29-åringen som skal ha blitt drept i Finland.

Puhakka var kjent gjennom både sport og TV i Finland. Drapet har vekt stor oppsikt.

Foto: NTB

Da han blei drepen, deltok han i den finske utgåva av realityprogrammet «Forræder».

Produksjonsselskapet bak serien seier til den finske TV-kanalen Yle at dei er sjokkert over nyheita. Programmet er foreløpig avlyst.

Publisert 16.10.2024, kl. 13.46 Oppdatert 16.10.2024, kl. 13.55

Read Entire Article