Vegvesenet før ferien i fjellet: – Anbefaler å skifte til vinterdekk

1 week ago 7


Snart er det haustferie for fleire på Austlandet, og mange har nok tenkt til å ta turen til fjells.

I delar av fjella i Sør-Noreg er det venta snø dei komande dagane, og Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel.

I den samanheng ber Statens vegvesen trafikantar om å ta ei vurdering av dekkvalet om dei tenkjer seg opp i fjellet i Sør-Noreg.

– Vi anbefaler på det sterkaste å skifte til vinterdekk, seier Jeanette Andresen, trafikkoperatør i Statens vegvesen.

Kjem snø i fjellet

Det gule farevarselet gjeld for nordlege delar av fjellet i Sør-Noreg.

Frå natt til fredag er det venta rundt 5–20 centimeter snø over 6–800 meter høgde.

Kart over Snø, gult nivå, Nordlige deler av fjellet i Sør-Norge

Foto: Meteorologisk institutt

Varselet gjeld både fredag og delar av laurdag, som kan vere ein utfartsdag for ferierande.

– Den komande helga med haustferie i vente kan det minne meir om vinterferie i høgda og på fjellovergangar i Sør-Noreg, seier trafikkoperatøren.

På deira kamera ser dei at det har kome snø og er minusgradar fleire plassar.

Fokstugu E6

I høgfjellet har det kome snø fleira plassar. Mellom anna her på E6 Fokstugu.

Foto: Statens vegvesen

– Vi vil anbefale folk å sko seg med riktige dekk etter vinterforhold og køyre forsiktig.

– Det er kanskje den første snøen og glatta dei møter på utfarten i haustferien.

Meir snø frå i kveld

Vakthavande meteorolog, Leonidas Tsopouridis, seier at det allereie er snøbyger i fjellområda.

– Det kjem kald luft frå nordvest, og det gir regnbygar og snøbygar over 400 m. Det er mest aktivitet frå i kveld, i natt og byrjinga av laurdag.

Statsmeteorolog Leonidas Tsopouridis

Statsmeteorolog Leonidas Tsopouridis seier at det kan hende dei utvidar farevarselet om snø til sundag.

Foto: Christine Lensberg

Han seier at dei mest sannsynleg i morgon vil utvide farevarselet til å gjelde til sundag føremiddag.

Han forklarar at i området nord i Innlandet og sør i Trøndelag kan det kome 5–10 cm snø. I området Sogn og Fjordane og Møre og Romsdag kan det kome opp mot 15 cm, og 20 cm lokalt.

– Følg med

Bilbergar Pål Marius Hagadokken i Bilberging Valdres fekk bergingsoppdrag på fjellovergangen Valdresflye då det kom snø tidlegare denne veka. Han seier at det er som det pleier med den første snøen.

– Så vidt eg såg var alle køyretøyene riktig skodd.

Han åtvarar om at vêret raskt endrar seg i fjellet.

Trafikkoperatør Andresen i Vegvesenet oppmodar folk til å ta ein titt på Vegvesenet sin app eller å bruke 175.no til å sjå korleis det ser ut der ein planlegg å køyre.

– Der har vi webkamera som syner vêrstasjonar og bilete av vegdekket der ein kan køyre.

Ho oppmodar og til å følgje med på vêrvarselet.

– Og ha ein god tur til fjells, avsluttar ho.

Publisert 27.09.2024, kl. 13.07 Oppdatert 27.09.2024, kl. 13.09

Read Entire Article