Tidlegare på kvelden hadde dei fem personane i campingvogna ete og kost seg i forteltet.
Men så snudde stemninga. Det hadde stilna og latteren var borte.
– Ho var heilt på tuppa. Eg skjønte ingenting av kva som skjedde, seier Tøndel.
Naudetatane rykka så ut til campingvognene i Rendalen.
Der fann dei fem bevisstlause, vaksne personar.
Fire av dei vart omtala som kritisk skadde og sendt til Ullevål sjukehus.
Den siste, sambuar til Tøndel, vart sendt til sjukehuset på Tynset.
- Her kan du lese meir om saka: Fem vaksne til sjukehus etter å ha blitt funne bevisstlause
På betringas veg
Tysdag ettermiddag skal ingen av dei involverte vere kritisk skadde.
– Så alvorleg som dette var, så vil eg seie at dette er det beste resultatet vi kunne håpa på.
Sambuaren hans vart skriven ut av sjukehuset tysdag, mens dei øvrige truleg blir skrive ut onsdag eller torsdag.
– Korleis har sambuaren din det?
– Ho er veldig glad. Det er vi alle. Det er klart at ho er trøytt og sliten, men når ho får henta seg inn igjen, så er ho nok like god som ny.
- Ein hyggeleg rypetur kunne enda fatalt for to kompisar: Meiner eitt par pils og nokre slurkar akevitt truleg redda dei
Ikkje mistanke om noko straffbart
Krimteknikarane kom til staden i tolvtida tysdag. Politiet meiner at det ikkje skal ha skjedd noko straffbart.
– Basert på opplysningar frå staden gjer at vi foreløpig ikkje mistenker at det har skjedd noko straffbart. Men vi er framleis tidleg i undersøkingane og held alle moglegheiter opne til vi får sett nærare på det, politiadvokat Anders Møllersen.
Ifølge Tøndel skal dei ha starta eit straumaggregat inne i forteltet.
Kullos er både lukt- og smaksfritt og kan forårsake indre kveling i kroppen. Under kan du lese meir:
Dagleg leiar Ola Sverre Moen ved Norske moseprodukt bekreftar til NRK at personane var tilsette ved bedrifta, men ønsker på nåverande tidspunkt ikkje å kommentere saka.
Arbeidstilsynet er varsla om hendinga. Seksjonsleiar Kirsti Been-Tofte seier at dei har dialog med politiet og ventar på vidare oppfølging.
Publisert 11.06.2024, kl. 15.46 Oppdatert 11.06.2024, kl. 16.09