Varslar ekstremvêr på Vestlandet – i morgon kjem «Jakob»

3 weeks ago 7


– Vi ventast lokalt opp mot 180 mm nedbør, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Ekstremvêret som treff Vestlandet torsdag har fått namnet «Jakob».

Varselet vil gjelde torsdag frå midnatt til midnatt og vil treffe midtre og indre strøk av vestlandet.

– Vi hadde eit ekstremvêr i Møre og Romsdal og Trøndelag i 2022, som var litt den same situasjonen. Den gav veldig mykje regn over to døgn. Denne gangen er det litt meir intens nedbør, seier Fagerlid.

Det er venta at ekstremvêret vil gje store konsekvensar for reisande.

– Det er stor fare for stengde vegar og/eller overvann ved bekke- og elveløp. Mange reiser vil kunne få lenger reisetid, heiter det i varselet.

Ved eit ekstremvarsel er det venta ekstreme konsekvensar som følge av vêret. Det vil vere stor fare for at liv går tapt, og det kan bli store øydeleggingar på eigedom og infrastruktur.

Myndigheiter og folk i råka område bør utføre tiltak og minske ferdsel i råka område.

Publisert 30.10.2024, kl. 09.59 Oppdatert 30.10.2024, kl. 10.04

Read Entire Article