Var moten verkeleg slik?

2 weeks ago 9


Kva i alle dagar er dette?

Fra Lykkeland. En kvinne med lakkerte negler holder en gammeldags betalingsautomat.

Dreiv folk på med dette?

Foto: Maipo

I episode tre får vi eit glimt av denne innretninga.

Er det ein tidsriktig dings?

Ja, møt avtrykksmaskinen.

Den er absolutt tidsriktig.

Det var slik ein betalte med kredittkort før i tida, før vi fekk betalingsterminalar.

Den fungerte slik: Ein la kortet i avtrykksmaskinen saman med eit papir. Så drog ein ein valse tvers over maskinen, slik at eit avtrykk av kortnummeret blei sittande igjen på papiret.

Vidare blei beløp fylt inn for hand, og til slutt signerte kunden.

Det var eit tungvint system, ikkje minst fordi restauranten måtte ringe kortselskapet for å sjekke at det var dekning på kortet.

Er dette ein ekte lege?

Fra Lykkeland. En lege (kvinne) i hvite klær bøyer seg frem mot en pasient.

Skodespelar Turid Rivertz Vatne i rolla som legen i «Lykkeland».

Foto: Maipo

I sesong tre av «Lykkeland» møter vi ein ny karakter, som er nysgjerrig på helsa til dykkarane. Legen vil finne ut kvifor dei blir sjuke.

Fanst ho på ekte?

Nei. Legen i «Lykkeland» er fiksjon.

Når det er sagt, er ho ikkje heilt tatt ut av fantasien. Her har serieskaparane basert seg på hendingar frå verkelegheita. Det var lege på plass på verifikasjonsdykk.

Mann lener seg over skrivebord og ser på en skjerm, kvinne i legefrakk sitter ved siden av.

Legen viser djup uro for helsa til dykkarane. Her saman med karakteren Christian Nyman, som driv dykkarfirma.

Foto: Jo Voets

Dessutan var det også legar som jobba spesielt med dykkarane, og som forska på problema dei begynte å få, fortel manusforfattar Mette Bølstad.

Apropos helse, kva er medic?

Martin og dei andre dykkarane snakkar mykje om å få medic. Martin får ikkje sin, men kva er det for noko?

Medic er slang for ein helseerklæring for dykkarar. For å få lov til å dykke, måtte offshoredykkarane få ein attest frå ein lege om at dei var helsemessig skikka for yrkesdykking.

Det må dei forresten også ha i dag.

Er stilen til Toril tidsriktig?

Det er vanskeleg ikkje å legge merke til kleda til Toril.

Ho har fått ein helt ny stil i sesong tre.

Lykkeland S03E03

Toril i aksjon i nattklubben, men er kleda hennar tidsriktige?

– Det var verkeleg gøy å finne kostyme til Toril, seier kostymedesignar Anne Pedersen.

Ho stadfestar at stilen er tidsriktig, og legg til at ho måtte faktisk tone ned kostyma i serien.

– Moten på 1980-talet var heilt vill! Mykje meir crazy enn i dag.

Dette var ein periode der moten gjekk i mange retningar. Det kan ein sjå på kleda til Toril.

Fra Lykkeland. Portrettbilde av blond kvinne med krøllete hår og perlekjeder rundt halsen.

Det er lett å sjå på antrekka til Toril at me er i 1980-åra.

Foto: Maipo

– Ho har crazy antrekk når ho er på jobb på nattklubben, og så har ho ein heilt annan stil på dagtid og når ho er i familiemiddag.

Pedersen hugsar sjølv 1980-talet godt.

Ho har brukt eigne minne frå korleis ho hugsar moten. I tillegg hadde ho Madonna og andre moteikon i tankane når ho fann kostyma til Toril.

Sjå Madonna anno 1986. Minner ho om Toril?

Kva for ei strand er dette?

Herman Flesvig sin karakter spring i nydeleg solskin på ei idyllisk sandstrand.

Kvar er han på joggetur?

Han spring på Hellestøstranden.

Det at han tek seg ein joggetur er dessutan svært tidstypisk.

Formasjon Hellestø

Hellestøstranden er eit ynda turmål i Rogaland.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

På 1980-talet var nemleg Noreg og resten av verda inne i ei joggebølge. Brått var det trendy å jogge. Fleire meldte seg på løp, og media omtala jogging som den nye folkesporten.

Dessutan hevda norske løparar seg internasjonalt. Norske Grete Waitz vant New York Marathon ni gongar.

Frå 1986 til 1993 hadde Ingrid Kristiansen verdsrekorden på 5000 meter, 10 000 meter og i maraton.

Ingrid Kristiansen, Bislett 1986.

Ingrid Kristiansen byrja å sanke verdsrekordar i 1986. Her er ho i aksjon på Bislett stadion i 1986.

Foto: Morten Hvaal

Ser barna på eit ekte TV-program?

Fra Lykkeland. To barn sitter i hver sin saccosekk og ser barne-TV.

Ungane er oppslukte av barne-TV, men kva ser dei på?

Foto: Maipo

Barna til Anna sit godt til rette i kvar sin saccosekk framfor fjernsynet og ser barne-TV.

Er det ekte barne-TV frå 1980-talet?

Ja. Dei ser på eit heilt ekte program som heitte «Atte Katte Noa».

Den gongen var det berre ein einaste TV-kanal i Noreg, og det var NRK.

I 1988 starta NRK å sende «Atte Katte Noa», som var eit magasinprogram for barn.

Som regel handla kvar episode om eit tema som var relevant for barn. I alt blei det laga 60 episodar.

Sjå kva ungane ser på i den ekte episoden av «Atte Katte Noa».

«Ja vel». Er det verkeleg korleis ein seier «hei» i Stavanger?

Rein drar heim for å helse på veslebroren, men blir ikkje møtt med eit «hei».

Fra Lykkeland. Mann med lyst hår og arbeidsklær står i stige, mot et grønt hus.

Veslebroren til Rein bur framleis på barndomsgarden.

Foto: Maipo

Broren seier «Ja vel! Er det den karen».

Er det slik ein helsar på folk i Rogaland?

Ja.

Dette er heilt vanleg på denne kanten av Noreg. Også på Sørlandet er «ja vel» hyppig i bruk for å helse på kjente.

Språkrådet stadfestar at dette er vanleg på sørvestlandet, og legg til at ein gjerne legg på spørreintonasjon.

Altså «ja vel?».

Kva type båt er det Marie segler?

Det yngste barnebarnet i Nyman-familien er mykje på sjøen. Allereie i første episode får Marie ros av besteforeldra for å halde god fart i seglbåten.

Kva slags båt har ho?

Fra Lykkeland. En ung jente i fargerike klær løper på stranden, med en seilbåt i bakgrunnen.

Kva slags båt er dette? Og er han tidsriktig?

Foto: Maipo

Seglbåten til Marie er ein Laser, og den er absolutt tidsriktig. Laser blei først presentert i 1971, og blir brukt den dag i dag som regattajolle.

Ein variant av Laser er no OL-klasse for kvinner.

Sommer-OL i Paris 2024

Line Flem Høst frå Noreg konkurrerer i laser i segling under sommar-OL i Frankrike.

Foto: Vesa Moilanen / NTB

Sjå episoden her!

Vi du ha meir faktasjekk? Sjekk ut tidlegare artiklar her.

Kjelder:

Ole Martin Ihle: «Da He-Man kom til Noreg. Ein forteljing om å vokse opp på 80-talet». Finn Jørgen Solberg: «Ung på 80-talet». Havindustritilsynet. Store Norske Leksikon. NRK. Aftenposten. NTB.

Publisert 03.11.2024, kl. 20.12

Read Entire Article