Valet i Frankrike: Ytre høgre vinn første runde

4 months ago 33


For første gong sidan andre verdskrigen tydar det aller meste på ein solid valsiger til ytre høgre i Frankrike. Ikkje sidan 80-talet har fleire folk gitt si stemme i eit fransk val.

Partiet Nasjonal samling, med Marine Le Pen og det unge stjerneskotet Jordan Bardella i leiinga, har fått 34 prosent av stemmene. Det betyr at dei ligg godt an til å vinne valet om den franske nasjonalforsamlinga.

Venstrekoalisjonen hamnar på andreplass, og Macron sin sentrumskoalisjon på tredje.

Resultata frå ein valdag heilt utanom det vanlege er inne.

Veljarar i hopetal strøymde til stemmeurnene i den første runden av eit av dei mest polariserte vala i nyare historie. Eit val som kan ende med at ytre høgre får makta i Frankrike.

 Jordan Bardella har hatt grunn til å smile i det siste.

Jordan Bardella har mobilisert særleg unge veljarar til ytre høgre og partiet Nasjonal samling. Han er partiets statsministerkandidat.

Foto: Reuters

President Emmanuel Macron sjokkerte nasjonen med å oppløyse nasjonalforsamlinga og lyse ut nyval etter at ytre høgre knuste hans sentrumskoalisjon i Europaparlamentsvalet for tre veker sidan.

No er Frankrike – og Europa – litt nærare ei landing i den politiske berg-og-dal-bana som har vore sidan.

No byrjar spelet

Kveldens resultat er ein god peikepinn på kva det endelege utfallet av valet vil vere, og ikkje minst på kor folkemeininga ligg.

Men det er frå no av at det verkeleg byrjar å koke i fransk politikk.

I dag var nemleg berre første runde av nyvalet. Andre runde skjer søndag om ei veke, den 7. juli. Då får franskmennene valet berre mellom dei partia som har kome seg over sperregrensa på 12 og ein halv prosent.

I løpet av den kommande veka skal partia som er aktuelle for runde to legge slagplanar, inngå alliansar og kanskje til og med hestehandlar.

Val i Frankrike.

Valet vert omtalt som eit skjebneval. Ein veljar i Wissembourg aust i Frankrike vurderer kandidatane.

Foto: SEBASTIEN BOZON / AFP

Det er 577 plassar i nasjonalforsamlinga, og eit parti treng 289 for å få absolutt fleirtal.

Sjølv om Nasjonal samling fekk flest stemmer i kveld, er det ikkje partileiar Marine Le Pen som vil verte statsminister om dei vinn valet. Ho konsentrerer seg nemleg om å vinne presidentvalet i 2027.

I staden er det stjerneskotet Jordan Bardella, som har mobilisert unge veljarar på sosiale medium, som er partiets statsministerkandidat. Han har sagt at han kun vil prøve å verte statsminister om han får absolutt fleirtal.

Omtrent 83 prosent av veljarane har sagt at dei allereie har bestemt seg og at dei ikkje kjem til å endre meining, ifølge Ipsos.

Kjøpekraft, innvandring og kriminalitet

Nasjonal samling har konsentrert seg om særleg tre saker i valkampen. Dette er dei same tre sakene som har vore viktigast for veljarane i dette valet, ifølge meiningsmålingar frå Ipsos:

Kjøpekraft, innvandring og kriminalitet.

Macron har rekordlåg oppslutning blant det franske folket. Med krigen i Ukraina og prisauke på både mat og energi som eit bakteppe, har støtta til det innvandringskritiske og EU-skeptiske partiet Nasjonal samling stige til vêrs.

Dette har skjedd trass presidentens løfte om å hindre at ytre høgre får breiare fotfeste.

Emmanuel og Brigitte Macron stemmer.

President Emmanuel Macron og presidentfrue Brigitte Macron gav sine stemmer tidlegare i dag.

Foto: YARA NARDI / AFP

Motvilja til sittande statsminister og president har auka enormt sidan slutten av 90-talet, uavhengig av kva partitilhøyrsel dei ulike leiarane har hatt. NTNU-professor George Chabert, som forskar på fransk politisk historie, trur folket treng eit brot i fransk politikk.

– Stemninga i det franske ordskiftet no er skuffa og trøytt. Det er ei kjensle av at no må det skje noko nytt, og dette valet kan vere nettopp dette skiftet folk saknar, seier han.

Frankrike har både president og statsminister, som styrer høvesvis senatet og nasjonalforsamlinga. Det er nasjonalforsamlinga det er val på no. Partiet som vinn valet, får statsministeren.

Det betyr ikkje at Macron må gå av som president. Han kan sitte heilt til neste presidentval, som er i 2027, noko han også har planar om å gjere – uavhengig av utfallet i nyvalet.

Lang kø for å stemme.

Valet mobiliserte til den største deltakinga sidan 80-talet. Også i franske Ny-Kaledonia stod folk i kø for å stemme i dag.

Foto: THEO ROUBY / AFP

Men livet som statsleiar vil verte mykje vanskelegare utan fleirtal frå eigen koalisjon i nasjonalforsamlinga. I praksis vil makta til Macron verte kraftig innskrenka.

Politisk gambling

Då Nasjonal samling (RN) og ytre høgre gjorde eit brakval i Europaparlamentsvalet 9. juni, svarte Macron med å lyse ut nyval i den franske nasjonalforsamlinga.

Sjølv om det ikkje var sin eigen statsminister franskmennene stemte på den dagen for tre veker sidan, var det ein sterk indikator på at fleirtalet av det franske folket ønsker seg andre leiarar enn den sentrumskoalisjonen som sit med makta i dag.

Macron hadde ikkje trengt å lyse ut nyval, men gjorde det likevel.

– Eg kan ikkje late som om ingenting har skjedd, sa han på fransk TV.

Det sjokkerte dei fleste – ikkje minst sittande statsminister Gabriel Attal, som no risikerer å måtte gå av, men som ikkje visste om nyvalet før Macron annonserte det til heile nasjonen.

Valeksperimentet har provosert både rivalar og allierte. Fleire ser på det som politisk gambling som berre tener ytre høgre.

Sjølv seier Macron at målet var å ta tilbake kontrollen over fransk politikk, men det er ikkje det kveldens valresultat indikerer.

Publisert 30.06.2024, kl. 20.02

Read Entire Article