Ustabilt vêr gir Yr rekordbesøk

4 months ago 64


– Eg trur eg har vore inne i alle fall tre gongar allereie. Vêret skifter jo omtrent frå time til time kjenst det ut som, seier Jan-Øyvind Grung Sture.

Sola har tatt turen innom Førde, og Sture og Dagny Olava Lien Gundersen er ute for å nyte finvêret.

Men julivêret har skifta hyppig og for Sture har yr-appen blitt nesten like hyppig brukt.

Badebrygge

Det er ikkje mange som hoppar frå badebrygga i dag.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Han er ikkje åleine om å bruke mykje tid på vêrtenesta Yr.

Etter ein vêrmessig ustabil start på juli, har rekordmange sjekka sommarvêret.

Til P4 fortel redaktør og produktutviklingssjef Ingrid Støver Jensen om nær 13,5 millionar besøk første veka i juli.

– Det er heilt enormt, seier ho til NRK.

Det kan i realiteten vere litt færre enkeltpersonar som har besøkt vêrtenesta sidan éin person blir tald to gongar dersom personen er inne både i appen og i nettlesaren.

Flest frå Skandinavia

40 prosent av trafikken kjem frå Noreg. Resten frå først og fremst Sverige og Danmark, men også Sør-Afrika er høgt plassert på topplista.

Etter ein mai med sol og rekordvarme fleire stadar i landet, har sommarvêret latt vente på seg til fordel for regn.

Sør i landet har det veksla mellom flippflopp og støvel-vêr dei første vekene i juli.

Folk i regntøy i Førde

Skiftande vêr var stikkordet for første veka i fellesferien.

Foto: Malene Laura Solheim

– Når vêret er ustabilt trur eg folk er ekstra opptatte av å følge med. Då kan vêrmeldinga endre seg fordi det er vanskelegare å føreseie vêret, seier Jensen.

Den førre rekorden blei sett i vår og var på rundt 12 millionar besøk, seier Jensen.

Unntakssommaren 2018

Sommaren er høgtida for bruk av vêrtenesta, og nordmenn si interesse for sommarvêret blir stadig større.

Heilt sidan lanseringa i 2007 har sommartrafikken auka med ein million kvart år.

Unntaket var sommaren 2018.

– Då det var vekevis med stabilt og fint vêr i heile landet. Det er einaste sesongen vi såg ei utflating. Då var det ikkje vits å sjekke vêret fordi det var så stabilt, seier Jensen.

YR APP

Rekordmange har besøkt Yr.

Farleg vêr og ferietid er høgdepunkta for når nordmenn sjekkar vêret.

– Vi ser i loggane våre når det er vinterferie, påskeferie og alle desse frihelgane i mai. Det er små toppar i loggane våre.

– Er siste tala ei stadfesting på at nordmenn er interesserte i vêret?

Heilt sikkert. Når du bur i Noreg, må du forhalde deg til vêret om du skal utandørs.

  • Det har ikkje berre vore dårleg vêr i sommar. Tidlegare i juni var det tropenatt fleire stadar i landet.

– Nokre planar har blitt litt øydelagde

For Jan-Øyvind Grung Sture og Dagny Olava Lien Gundersen i Førde er ikkje yr-appen langt unna, sjølv om det er nokre timar med sol.

– Eg skal vel inn og sjekke yr ein gong om ikkje så lenge, tenker eg, seier Sture.

Badebrygge

Det er ikkje mange som hoppar frå badebrygga i dag.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Også Gundersen synest ferievêret har vore veldig ustabilt.

– Nokre planar har blitt litt øydelagde av det, men vi har fått gjort det meste av det vi skulle.

– Førebels tenker eg at no berre nyt vi at det er opphald, og så får vi sjå kva resten av dagen bringar, legg Sture til.

Publisert 16.07.2024, kl. 21.34

Read Entire Article