USA godkjenner våpensal til Israel for over 200 milliardar kronar

3 months ago 23


14. august 2024 kl. 06:55

Brorparten av salet gjeld sal av 50 F-15 kampfly, landet skal òg kjøpe stridsvogngranatar, bombekastargranatar og nye militære transportkøyretøy.

Menneskerettsgrupper og enkelte medlemer på venstresida i Det demokratiske partiet har bede styresmaktene avgrense eller stanse salet av våpen til Israel. Dei viser blant anna til dei enorme sivile tapa i krigen på Gazastripa.

Kongressen, som har vorte informert om Utanriksdepartementet si godkjenning, kan hindre våpensal, men det er ein krevjande prosess.

(NTB)

Read Entire Article