Talet på døde etter overdose i Noreg har vore jamt stigande dei siste ti åra, viser Dødsårsaksregisteret til Folkehelseinstituttet (FHI).
Men i løpet av denne tida har det vore tendens som uroar FHI.
Det har vore ein klar auke i dødsfall knytt til bruk av syntetiske opioid. I fjor var det 62 slike dødsfall, som er det høgaste registrerte nokosinne.
– Eg er overraska over auken i dødsfall etter bruk av syntetiske opioid. Det var 20 dødsfall av syntetiske opioid i 2013, medan det i 2023 var 62 slike dødsfall, seier seniorforskar Linn Gjersing i FHIs avdeling for rusmiddel og tobakk.
I tillegg var det 85 dødsfall som følge av andre opioid. 77 døydde etter overdose av heroin.
Raske endringar
Gjersing meiner tilgangen på opioid kan vere ein viktig årsak til at vi ser ein auke i dødsfall etter slike stoff.
– Ein bruker det som er tilgjengeleg på marknaden. Og det har vore meir syntetiske opioid tilgjengeleg på marknaden i 2023 enn tidlegare.
Ho peikar også på at planar og tiltak ikkje har vore gode nok til å fange opp dei som er avhengige av opioid. Den nasjonale overdosestrategien frå 2014 fokuserte på dødsfall etter heroin, fordi det var mest vanleg då. No har dette endra seg.
– I 2016 blei plutseleg andre opioid, altså sterke smertestillande, den hyppigaste dødsårsaka. Og no ser vi ein kraftig auke i syntetiske opioid.
Gjersing meiner difor det er på tide med nye tiltak som rettar seg mot dei som er avhengige av sterke smertestillande og syntetiske opioid.
Veit ikkje kva grep som er best
Også direktør i Helsedirektoratet, Bjørn Guldvog, er uroa over utviklinga i overdosestatistikken.
Han seier dei jobbar for å bremse utviklinga, men at dette er eit vanskeleg arbeid når det kjem stadig nye og farlege syntetiske stoff på marknaden.
– Det er store kriminelle organisasjonar som pusher dette inn i landet vårt. Og helsetenestene har avgrensa ressursar for å demme opp mot dette.
Direktoratet samarbeider no med Senter for rus- og avhengigheitsforsking ved Universitetet i Oslo for å få eit betre kunnskap om dei nye stoffa.
Den raske utviklinga gjer at ein må tenke nytt i førebyggingsarbeidet, seier Guldvog.
– Vi veit eigentleg ikkje kva grep som er dei beste for å hindre at dette utviklar seg. Noko av det viktigaste er å få oversikt over feltet og kva slags typar stoff som kjem. Og etter kvart som kunnskapen endrar seg, må vi legge inn nye tiltak i arbeidet.
Publisert 30.05.2024, kl. 11.41