Unikt funn i Pompeii: – Kanskje han var slaven hennar

3 months ago 34


Det har gått 1945 år sidan vulkanen Vesuv spydde ut sin vreide mot den då livlege hamnebyen Pompeii i Italia.

Fleire tusen menneske mista livet i infernoet. Byen blei dekka av eit tjukt lag med oske og var heilt skjult fram til 1748.

Søkte tilflukt mot lavaen

Nyleg fann arkeologar leivningane av ei kvinne og ein mann i eit lite soverom i eit hus som var under ombygging då utbrotet skjedde i år 79 etter vår tid.

– Slike funn kan fortelje oss utruleg mykje.

Det seier arkeolog Christina Videbech ved Universitetet i Bergen.

– For det første er det interessant kvifor mannen ligg på golvet og kvinna i senga. Det, så vel som dei andre funna med kvinna, tyder på at ho var meir velståande enn han.

Offera som no er funne, hadde valt å søke tilflukt i eit lite rom. Der venta dei på at utbrotet skulle ta slutt, men vulkansk pimpstein blokkerte døra og hindra dei i å ta seg ut.

Dei blei drepne av det som blir kalla den pyroklastiske skya som følgde utbrotet. Dette er ei sky som er sett saman av giftige gassar frå utbrotet og bevegar seg svært raskt.

Levningene etter et menneske i Pompeii

Kvinna blei funnen i det hadde vore senga i det vesle soverommet.

Foto: Parco Acheologico di Pompei / Reuters

Funnen på ei seng

Sidan gjenoppdaginga av byen i 1748 har arkeologiske utgravingar avdekt rundt to tredelar av byen.

Då med gatenett, offentlege plassar og bygningar, tempel og bustader, tilsvarande meir enn 2 millionar kubikkmeter murverk.

– Pompeii er heilt uvurderleg for å forstå menneska som levde i Romarriket, seier Christina Videbech.

Ho syner til at det er bevart ting som vi rett og slett ikkje finn i andre samanhengar. Til og med brød, hovudlus og avføring er bevart.

Deler av et bygg i Pompeii

Store deler av Pompeii er no graven ut og delvis ført tilbake til slik det såg ut den dramatiske dagen i år 79 evt.

Foto: HANDOUT / AFP

Låg ved senga

Fleire hundre tusen gjenstandar har blitt gravne fram, og samla sett cirka 20 000 kvadratmeter med veggmåleri og 2000 kvadratmeter med mosaikkar.

Oppdaginga av dei skjeletta av kvinna og mannen kan gjere at det kjem fram enda meir kunnskap om dagleglivet i Pompeii.

Kvinna blei funne på ei seng, og rundt ho låg det myntar av gull, sølv og bronse, gullsmykke og øyreringar med perler.

Leivningane til mannen låg ved foten av senga.

– Kanskje han var slaven hennar, seier Videbech.

Veggkunst frå Pompeii viser tre menneske og eit dyr

Utgravingane i Pompeii har avdekka kunst frå oldtida som skildrar forholda mellom mytiske figurar og menneska.

Foto: HANDOUT / AFP

Mange er funne

Sidan utgravingane av Pompeii starta på 1800-talet har det blitt funne mange leivningar, rundt 1300 i talet.

I dag er byen eit turistmekka på Unesco si verdsarvliste, men også ein portal til det som den gongen var ein moderne by.

– Moglegheita til å analysere dei uvurderlege antropologiske opplysningane om dei to offera gjer det mogleg for oss å samle inn ei stor mengde data om dagleglivet i Pompeii.

Det fortel direktør for Pompeii-utgravingane, Gabriel Zuchtriegel.

Då arkeologane avdekka eit nytt rom der det budde slavar i 2021, var direktør Zuchtriegel svært begeistra.

– Dette er eit vindauge inn i verkelegheita til menneska som sjeldan dukkar opp i historiske kjelder, sa den tysk-italienske vitskapsmannen den gongen.

UiB-arkeolog Christina Videbech er samd.

– Pompeii er eit «snapshot» av ein dag i romerriket. Alle dreiv med heilt daglegdagse ting til det som må ha verka som jordas undergang brått skjedde.

Kunst som viser infernoet da vulkanen Vesuv hadde et stort utbrudd

Slik har kunstnaren sett føre seg det brutale utbrotet frå vulkanen Vesuv i år 70 evt.

Foto: Wikicommons

(Kjelder: NTB, snl.no, Christina Videbech)

Publisert 12.08.2024, kl. 22.06

Read Entire Article