Mange har sett dei sterke bileta frå Okhmatdyt.
Små born i kreftbehandling som blir evakuerte ved det knuste betongbygget, og døde kroppar halvvegs dekte av presenningar.
To vaksne døydde i angrepet, melder ordførar Vitalij Klitsjko. Ein av dei har blitt identifisert som ein tilsett ved sjukehuset, Svitlana Lukjantsjuk.
– Hald fram med å skine, jenta mi. Du blei drepen av Russland, og eg kjem aldri til å gløyme det. Aldri, skriv Maria Prysjtsjepa på Instagram.
Ho seier ho er ei barndomsvenninne av Lukjantsjuk, som «redda liv» i sitt dedikerte arbeid på Okhmatdyt.
– Jobben var livet ditt, og du hadde aldri tid til det personlege. Det var ikkje rett tid, fordi målet ditt var å bli lege og redde liv.
– Eg var så glad for suksessen du oppnådde.
Skal ha jobba på sjukehuset
Det ukrainske helsedepartementet skriv at angrepet blant anna råka toksikologi-avdelinga, der alvorleg sjuke barn fekk dialyse.
Det var her Lukjantsjuk var tilsett, ifølge ordføraren i heimbyen hennar Lviv, Andrij Sadovyj.
skriv at ho vaks opp hos tanta si fordi ho var foreldrelaus, og seinare tok legeutdanning på Bogomolets nasjonale medisinske universitet i Kyiv.
Lukjantsjuk vil bli gravlagd på Holoski-kyrkjegarden i Lviv, ifølge lokalstyresmaktene der.
Sju barn meldt skadde
16 menneske blei skadde i angrepet på sjukehuset, blant dei sju barn, ifølge lokale styresmakter. Bilete frå staden viser små barn med støv og blod i ansiktet.
Dei vaksne heldt til i gangen då missilet trefte, medan barna var i kjellaren, seier fungerande leiar for den akuttmedisinske avdelinga ifølge avisa Pravda.
Ukraina meiner Russland står bak ei bølge med angrep mot ukrainske byar på måndag. Lokale styresmakter melder til saman om 41 drepne og 166 skadde.
Det russiske utanriksdepartementet hevdar tysdag at det var norskproduserte NASAMs, altså luftvernmissil, som forårsaka eksplosjonen på barnesjukehuset.
Det hevdar altså at det er Ukraina sjølv som har stått bak dette angrepet, noko ukrainarane nektar for.
FN: Sannsynlegvis russisk missil
Ukraina meiner det er eit russisk missil av typen KH-101 Kalibr som blei brukt.
Leiaren for FN sin overvakingsmisjon for menneskerettar i Ukraina (HRMMU) seier det er mest sannsynleg at ein russisk missil trefte bygget.
– Ei analyse av videomaterialet og ei vurdering gjort på hendingsstaden indikerer at det er svært sannsynleg at barnesjukehuset blei utsett for ei direkte trefning, seier HRMMU-leiar Danielle Bell.
Ho legger til at denne sannsynlegvis blei skoten av «den russiske føderasjonen».
Publisert 09.07.2024, kl. 11.41