Ukrainske flyktningar fekk ikkje lønn – nå tar Stortinget grep mot lønnstjuveri

4 months ago 26


Lønningsdag. Ordet har ein eigen klang. Endeleg blir sveitte og stress til kroner og øre.

Men ikkje for alle.

Frå august i fjor blei det ikkje fleire lønningsdagar for fem utanlandske sjøfolk i Noreg. Fire av sjømennene hadde flykta frå Ukraina. Dei var i glade for å ha fått jobb i Noreg, men gleda tok brått slutt. Reiarlaget Aas Kystservice AS slutta ganske enkelt å betale.

Eg var takksam for moglegheita til å jobbe på ein norsk-flagga båt. Og tenkte at eg kunne vente på pengane, fortel Kirill Bich (24) frå Ukraina.

Kirill Bich er flyktning fra Ukraina til Norge.

Kirill Bich har flykta frå krigen i Ukraina til Noreg. Her jobbar han som sjømann.

Foto: Privat

Men etter at fleire klaga på manglande betaling, kontakta sjøfolka Sjømannsforbundet, der dei var medlemmer.

– Forbundet hjelpte oss å kalkulere korrekt lønn. Då oppdaga eg at eg hadde vore underbetalt frå starten av, seier Bich.

Saksøkte sjefen

Med forbundet i ryggen gjekk dei fem til sivilt søksmål mot sjefen.

Dommen gjekk i favør av sjøfolka: Reiaren måtte nå ut med over 800.000 kroner. Det var pengar han ikkje hadde.

– Andre hadde ikkje betalt ein faktura frå meg. Derfor fekk eg ikkje betalt sjøfolka, forklarer sjefen til NRK.

Da melde forbundet sjefen i reiarlaget til politiet for lønnstjuveri. Politiet starta etterforsking. Så blei det stille.

Høyrt det før?

Sidan Noreg fekk ei eiga lov om lønnstjuveri i 2022, har politiet registrert over 250 slike saker. Det viser ferske tal NRK har fått frå Politidirektoratet.

Berre 1 person er dømt for brot på lova.

Då NRK før jul granska politiinnsatsen mot lønnstjuveri, fann vi følgande: Av ferdige saker var heile 90 prosent lagt bort.

Fleirtal på Stortinget

Avsløringa førte til reaksjonar blant dei folkevalde på Stortinget. Verka ikkje lova dei hadde vedtatt?

Raudts representant kravde eit svar frå justisminister Mehl. Ho erkjente at lønnstjuveri ofte taper i konkurranse med annan alvorleg kriminalitet når politiet skal prioritere.

Sidan politiet legg bort over ein låg sko, foreslo Høgre i vår åtte andre tiltak for slå ned på lønnstjuveri. Dei viste blant anna til NRKs avsløring som grunngiving.

Nå er det fleirtal på Stortinget for to av forslaga:

  • Å greie ut staten som lønnsinnkrevjar. Altså: Viss du ikkje får lønna di, skal staten sørge for at du får betalt. Ordninga skal gjelde openberre tilfelle av lønnstjuveri.
  • Greie ut fri rettshjelp eller anna juridisk hjelp til offer for lønnstjuveri. Altså advokathjelp på rekninga til det offentlege.

Det er altfor mange døme på at sårbare arbeidarar blir utnytta på det grovaste. Staten må smelle neven i bordet. Derfor er desse tiltaka viktige og nødvendige, seier stortingsrepresentant Aleksander Stokkebø (H).

Aleksander Stokkebø, stortingsrepresentant fra Høyre

Stortingsrepresentant Aleksander Stokkebø (H), her frå eit besøk på ein byggeplass, meiner staten må smelle neven i bordet.

Foto: Gry Kårstad / NRK

Korleis skilje openberre tilfelle av lønnstjuveri frå ikkje-openberre?

Det må vere ein viss sannsynlighet for at lønnskravet er rimeleg ut frå dokumentasjonen ein har. Den nøyaktige innramminga må greiast ut nærare. Men Arbeidstilsynet og Skatteetaten er moglege aktørar.

– Er det ikkje allereie jobben til politiet å identifisere openberre lønnstjuveri-saker?

– Politiet vil framleis ha ein viktig jobb med å identifisere og straffe tilfelle av lønnstjuveri. Det må halde fram med uforminsket styrke.

Er det ikkje ulikt Høgre å vilje ha staten som lønnsinnkrevjar?

Vi er først og fremst opptatt av å hjelpe dei som står i stormen. I tillegg er det eit gode for det seriøse næringslivet at vi får slått ned på det useriøse mindretalet som gjer stor skade.

Åtvarar mot misbruk

Dei to punkta som nå får fleirtal på Stortinget, får ikkje arbeidsminister Tonje Brenna (Ap) til å rope hurra. Ho åtvarar mot misbruk i eit brev til Stortinget:

«Det kan tenkast at vissa om at staten uansett vil dekke lønna, i seg sjølv kan gi grunnlag for, eller forlenge, situasjonar med lønnstjuveri. Det kan også vere eit misbrukspotensial knytt til for eksempel fiktive arbeidsavtalar.»

Tonje Brenna

Arbeidsminister Tonje Brenna (Ap) åtvarar mot fiktive arbeidsavtalar.

Foto: William Jobling / NRK

Regjeringspartnar Senterpartiet meiner Høgre prøver å verke ansvarlege ved å innføre auka kontroll og strengare sanksjonar.

Modellen vår er heilt annleis. Den bygger på tillit og samarbeid mellom stat, arbeidsgivarar og arbeidstakarar, seier stortingsrepresentant Tor Inge Eidesen.

Derfor vil regjeringspartia stemme mot Høgres forslag.

Regjeringas budsjettpartnar, SV, deler ikkje Brennas bekymring. Dei kjem til å stemme for Høgres forslag.

Dette handlar om maktulikskap mellom ein svak arbeidstakar og ein sterk arbeidsgivar. Den ubalansen kan staten gjere noko med, seier SVs stortingsrepresentant Freddy André Øvstegaard til NRK.

Saman med Frp, Raudt, KrF, Venstre og MDG sikrar opposisjonen dermed fleirtal når Stortinget fredag voterer.

Saka lagt bort

Korleis enda så historia om dei utanlandske sjøfolka?

Sjølv om retten tidlegare hadde slått fast at dei skulle hatt over 800.000 kroner meir i lønn, la politiet bort saka denne veka.

Dei skriv at «...etterforskinga med særleg styrke taler for at det ikkje har skjedd noko straffbart.»

Anders Skorpen-Trøen, politijurist i Møre og Romsdal politidistrikt, utdjupar til NRK:

Vi har undersøkt om reiarlaget har skodd seg på kostnad av arbeidarane. Den manglande betalingsevna var ikkje profittmotivert, så langt vi kan sjå.

I februar gjekk Aas Kystservice AS konkurs.

At eit firma går konkurs, og skylder lønn til tilsette, er relativt vanleg. Det gjer det ikkje til eit lønnstjuveri, seier politijuristen.

Rederi-sjefen som blei meld er letta.

– Det er veldig bra at sanninga kjem fram, nemleg at eg ikkje har gjort noko straffbart, seier han til NRK.

Sjømannsforbundets advokat, Terje Hernes Pettersen, skjønar ikkje kvifor politiet har lagt bort saka.

Viss ikkje det er lønnstjuveri å bevisst la vere å betale over 800.000 kroner til fem tilsette for ein jobb dei har utført, så skjønnar ikkje eg kva som skal til for å oppfylle krava til lønnstjuveri, seier han.

Pettersen vil klage til statsadvokaten.

Skipet «Aas Provider», som sjøfolka jobba om bord på, har nettopp blitt selt. Dermed vil dei fem utanlandske arbeidarane omsider få lønn som retten slo fast at dei skal få.

– Eg håpar pengane kjem denne månaden. Det vil gjere meg glad, seier Bich, som har fått nye oppdrag på sjøen.

Publisert 07.06.2024, kl. 10.22

Read Entire Article