Uklart om regjeringa vil erstatte gamle straumkablar

6 days ago 11


Etter femti år i teneste er dei eldste straumkablane mellom Noreg og Danmark nesten utkøyrde. Kva no?

Ifølge Senterpartiet er dei pensjonsklare kablane eit godt høve til å ta ned eksponeringa mot utlandet.

På landsmøtet i mars vedtok partiet at to av Skagerrak-kablane kan få døy i fred i 2026, utan arvefølge.

Men sist veke erklærte Statnett at det vil vere «rasjonelt for det norske kraftsystemet å reinvestere dei to eldste Skagerrak-sambanda».

Dei varsla samtidig ei fagleg utgreiing og at dei var i dialog med danske Energinet om vegen vidare.

Ifølge stortingsrepresentant for Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen eit sikkert teikn på at prosessen med å erstatte kablane alt er i gang.

Heilt i strid med det som står i Hurdalsplattforma, seier han til Klassekampen.

Energiministeren: Ikkje tatt noka avgjerd enno

Regjeringa avlyste i fjor den planlagde kabelen til Skottland (NorthConnect).

Nyheita blei først kunngjord av Senterpartiet, og ikkje olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) som historisk har vore meir positiv til kraftutveksling med Europa.

Aasland avviser overfor NRK at signala frå Statnett er første steg mot å fornye «ekteskapsløftene» til Danmark.

Dette er to straumkablar som nærmar seg 50 år og det er viktig at Statnett greier kva ut som skal skje med dei vidare. Eg vil understreke at det ikkje er tatt noka avgjerd i denne saka, seier han til NRK.

Han viser til at Statnett også skal vurdere det såkalla «nullalternativet», der kablane ikkje blir erstatta.

Til Lundteigen har han følgande helsing:

Eg minner om at denne regjeringa har sagt nei til utanlandskabelen NorthConnect, i tråd med regjeringsplattforma. Det er eit klart eksempel på at vi står ved det vi har sagt.

Vedum og Aasland

– Tida for nye utanlandskablar er forbi, seier finansminister og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum. Her saman med olje- og energiminister Terje Aasland, som ikkje er like kategorisk.

Foto: NTB

– Heilt uhøyrt

Noreg har drive kraftutveksling med Norden og Europa sidan 60-talet.

Dei siste åra har delar av systemet vorte meir omstridd, ikkje minst «Englandskabelen», som kom i drift i 2022.

Opninga fall saman med høgare straumprisar, som utløyste krisegrep frå regjeringa for å dempe «prissmitten» frå kontinentet.

Statnett har publisert ein analyse som seier at kablane påverkar prisane i Noreg med cirka 10 prosent.

Den energipolitiske spenninga mellom regjeringspartia Senterpartiet og Arbeidarpartiet har elles vore synleg i samband med implementeringa av EUs fornybardirektiv.

I mai kom konflikten ut i ope lende da den europeiske energikommissæren Kadri Simson sende ein «sur» e-post til Energidepartementet om at Noreg måtte få opp farten med å implementere direktivet frå 2018.

– Heilt uhøyrt, kvitterte Marit Arnstad (Sp).

Det er uhøyrt ho nærast kjem med truslar om at Noreg må bygge fleire kablar og bli med i EUs energimarknad.

EØS-vennlege Arbeidarpartiet er på si side positive til Fornybardirektivet, og har dessutan eit mål om å redusere køen av EU-direktiv som «stangar» mot norskegrensa.

Så langt er det usikkert kor mykje politisk kapital Arbeidarpartiet vil bruke på å presse gjennom direktivet, og kor mykje Senterpartiet vil sette seg til motverje.

Eit tredje alternativ er at saka blir ytterlegare utsett.

Slik har Norge blitt tettere koblet på Europa med kraftkabler

Norge er en del av et kraftmarked som er knyttet til Sverige, Danmark, Storbritannia, Tyskland, Polen, Russland, Nederland og Baltikum med kabler. Målet er å jevne ut prisforskjeller og å styrke energisikkerheten.

– Ikkje aktuelt å fornye desse kablane

I alt har 17 norske utvekslingskablar for straum ein total overføringskapasitet på 8500 MW.

I tillegg til å drøfte om Skagerrak-sambanda SK1 og SK2 skal erstattast, skal regjeringa vurdere om overføringskapasiteten skal aukast.

Forbundsleiar i Industri Energi, Frode Alfheim, la press på regjeringa allereie for eit år sidan.

– Vi forventar at regjeringa seier klart frå til Statnett at det ikkje er aktuelt å fornye desse kablane.

Statnetts kart over mellomlandsforbindelser

Statnett og Energinet driv fire straumsamband mellom Noreg og Danmark, kjent som Skagerrakforbindelsene.

Foto: Statnett
Åslaug Haga, Leder Fornybar Norge

Thomas Ystrøm

Åslaug Haga, leiar i Fornybar Noreg

Europa byggjer ut store mengder fornybar energi, og desse kablane er tilgangen vår til den krafta. Vi skal sjølvsagt vente på konsekvensane frå utgreiinga til Statnett, men det er allereie no svært mykje som tilseier at vi bør skifte ut desse kablane.

Vedum

Stein Eide / NRK

Trygve Slagsvold Vedum, finansminister

Senterpartiet meiner det ikkje er nokon grunn til å fornye dei konsesjonane. Det er det klare primærstandpunktet vårt. Vi meiner tida er forbi for store, nye utanlandskablar.

Terje Aasland

Petter Larsson / NRK

Terje Aasland, energiminister

Det er ikkje sjølvsagt at vi skal investere i desse kablane.

Sofie Marhaug, iført rød jakke, er stortingsrepresentant for Rødt.

Ihne Pedersen

Sofie Marhaug, Raudt

Nye kablar vil auke prissmitten og gi oss dårlegare kontroll over krafta.

Christian Færø, Statnett

Statnett

Christian Færø, direktør i Statnett

Mellomlandssambanda er ein viktig del av framtidas kraftsystem, og bidrar til betre utnytting av det nordiske og europeiske kraftsystemet. Mellomlandssamband skal gi gjensidig nytte for landa som er knytt saman. Noreg går mot ein svekt kraftbalanse, og alternativet til utveksling av kraft med utlandet er å bygge ut meir kraft og nett i Noreg.

Publisert 30.09.2024, kl. 16.05

Read Entire Article