Ein norsk statsborgar med somalisk bakgrunn er arrestert i Somaliland. Det bekreftar Utanriksdepartementet (UD).
– UD kan bekrefte at ein norsk statsborgar er arrestert, og at vi tilbyr konsulær bistand. Av omsyn til teieplikta kan vi ikkje kommentere ytterlegare detaljar i saka, seier pressevakta ved UD, Tuva Bogsnes.
Ifølgje kjelder NRK har snakka med skal han ha kritisert styresmakta på sosiale medium på veg til Hargeisa i Somaliland, og vert pågripen ved framkomst.
Lokale medium melder at det fredag denne veka var opptøyar i Hargeisa, der mange ungdommar protesterte for at han skal bli lauslat.
NRK har ikkje fått svar frå Somaliland sin representant for Noreg.