Ein tysk turist er død etter å ha blitt biten av ein hai, opplyser kystvakta på Kanariøyane til AFP.
Kvinna mista eit bein i haiangrepet og blei frakta i helikopter mot Las Palmas. Ho døydde av hjertestans før helikopteret nådde fram, skriv avisa Canarias7.