Turistbygd jublar for færre turistar

1 week ago 11


Urnes stavkyrkje på Ornes er på Unesco si verdsarvliste, og er eit populært turistmål.

Bygda har berre 34 fastbuande, og mange av dei jobbar med turisme. I fjor kom 25.000 turistar til den vesle bygda ved Sognefjorden.

Gardstunet som driv Urnes Stavkyrkje

På Ornes driv lokalbefolkninga kafé og guidar turistane. Det skal også kome eit verdsarvsenter.

Foto: Ann Beate EIkås Hovland

Lokalbefolkninga ser seg difor lei på turistane og dei ymse påfunna dei har med seg. Blant desse er bæsj og dopapir mellom epletre eit som ikkje fell i god jord.

Fortidsminneforeininga, som eig kyrkja, måtte ta grep før årets sesong.

Dei sette inn eit ekstra toalett på kaia, auka billettprisen til kyrkja og avgrensa antal bussar til éin i timen med maks 25 personar.

Ekstra toalett sett opp ved kaia på Ornes.

På ferjekaia har dei sett opp ekstra toalett.

Foto: Ann Beate Eikås Hovland

Det seier seg litt sjølv at når det kjem buss på buss med godt over 40 personar, så er det litt mange hovud å halde styr på.

Det fortel Rakel Optun Skagen. Ho er fastbuande på Ornes, og guide i stavkyrkja.

Det er typisk for cruiseturistane at dei har veldig dårleg tid. Dei skal inn i kyrkja, så skal dei på do. Og så fyk dei av garde igjen, seier Emilie Winther Berg.

Rakel Optun Skagen og Emilie Winther Berg er guidar på Urnes Stavkyrkje.

Rakel Optun Skagen og Emilie Winther Berg er fornøgde med korleis tiltaka har fungert.

Foto: Ann Beate Eikås Hovland

Så korleis har det gått?

Guidane opplever at turistane i år har vore meir avslappa.

Det har vore mindre kaos på den vesle gardsplassen som tek i mot dei besøkande.

Tiltaka har ført til at dei har meir tid til å ta seg av dei som faktisk kjem. Og korleis dei skal oppføre seg. Dei har rett og slett fått betre kontroll.

Ola Harald Fjeldheim i Fortidsminneforeininga fortel at Urnes stavkyrkje har hatt ein nedgang på 15 prosent besøkande denne sesongen. Det er dei godt nøgde med, sjølv om det betyr tap av inntekt.

– Foreininga som driftar tapar pengar på at besøkstalet går ned, men det viktigaste for oss er at vi tar vare på kyrkja og lokalsamfunnet. For det er det som skal vare for alltid.

Ola H. Fjeldheim. Fortidsminneforeninga

Ola Harald Fjeldheim frå Fortidsminneforeininga

Foto: Fortidsminneforeningen

Han seier at tilbakemeldingane frå lokalbefolkninga er at det har vore ein god sesong, med rolegare og meir ordna rammer.

Dei peikar på at besøkande frå cruiseskip har gått ned, og at det er spesielt desse gruppene som kjem i store antal og skapar mest trykk.

Monica Berstad frå Cruise Norway seier at det kan vere fleire grunnar til at Ornes har hatt nedgang i turismen i år.

Ho peikar blant anna på endringa i cruiseskipsnæringa og arbeidet mot nullutslepp som moglege grunnar til at nokre turistmål opplever ei endring i besøkstal og mønster.

– Vi oppfordrar alle som tar i mot besøkande på plassar med kulturskattar å ha ein tydeleg besøksplan og strategi for dei besøkande.

Er ikkje redde for framtida

Auka turisme til Noreg har bydd på problem fleire stadar i landet. Også i Tromsø og Lofoten har det vore ulike avføringsproblem frå turistar.

På Ornes er dei ikkje bekymra for at tiltaka vil føre til nedgang i turismen.

– Eg trur ikkje at besøkstalet er konsekvent på veg nedover. Det har nok mykje å seie med avgrensinga vi set i år, og det er jo første året vi har den avgrensinga, seier Rakel Optun Skagen.

Ho er glad for at tiltaka har fungert slik dei meinte, og fortel at det no er meir plass til turistar som ikkje kjem med cruise.

Tyske Werner Reich og kona reiser med bubil og kom med ferja for å sjå stavkyrkja.

– Vi elskar landet og naturen. Men vi liker ikkje mange menneske på ein stad.

Tysk turist på besøk i Urnes Stavkyrkje

Tyske Werner Reich på besøk i Urnes Stavkyrkje.

Foto: Ann Beate Eikås Hovland

Han og kona valde bevisst å reise hit no for å unngå dei store folkemengdene. Sjølv er han opptatt av at turistar tek ansvar når dei besøker slike plassar.

– Det er viktig at folk tek med seg det dei har med, og har respekt for plassen dei besøker.

Ola Harald Fjeldheim i Fortidsminneforeininga seier at dei vil vidareføre tiltaka framover, og halde fram arbeidet med å ta i mot besøkande på ein måte som varetek stavkyrkja og lokalbefolkninga.

Ein del av dette arbeidet vil vere å legge til rette for at andre grupper skal få tilgang til kulturskatten.

Publisert 28.09.2024, kl. 07.47

Read Entire Article