Trumps advokatar vil oppheve pornoskodespelar-dommen

4 months ago 35


– Kjenninga frå juryen må sest vekk frå, og tiltala må verte avvist, skriv Trump sine advokatar ifølge rettsdokument som Washington Post har fått innsyn i.

Mykje har skjedd i amerikansk politikk sidan USAs tidlegare president Donald Trump vart funnen skyldig på 34 punkt i hysjpengesaka:

Og det som eigentleg skulle vore ei veke med fullt fokus på Trump før Det republikanske partiet sitt landsmøte sparkast i gang kommande måndag, har vorte ei Biden-veke av dei sjeldne.

Medan journalistar, kommentatorar og lesarar har sete klistra til skjermane og sett Joe Biden blande namna på Putin og Zelenskyj, har Trumps advokatar begjært avgjerda i hysjpengesaka vert oppheva.

Noko kvar ein forsvarsadvokat ville gjort i ei slik sak, seier USA-kjennar og jurist Sofie Høgestøl. Likevel:

– Dette hadde nok fått mykje større merksemd om det ikkje var for at Biden har den veka han har, seier USA-kjennar og jurist Sofie Høgestøl.

Kva har skjedd sidan juryavgjerda?

I mai kom ein jury einstemmig fram til at Trump hadde betalt pengar til Stormy Daniels, ein pornoskodespelar som Trump skal ha hatt sex med medan han var gift med Melania Trump. Betalingane vart gjort opp mot presidentvalet i 2016 for at saka ikkje skulle påverke Trumps oppslutning.

Trump Hush Money

Trump reagerte omtrent slik det ser ut då han fekk avgjerda i hysjpengesaka.

Foto: Julia Nikhinson / AP

Straffeutmålinga skulle skje torsdag 11. juli, men vart flytta til september etter at USAs høgsterett kom med ein avgjord om immunitet for presidentar.

I staden vart 11. juli heller dagen då advokatane til Trump bad domstolen i New York om å droppe heile tiltalen.

Meiner hysjpengane var offisielle handlingar

Dommen splitta høgsterettsdommarane langs partipolitiske skiljelinjer. Det konservative fleirtalet slo fast at bevis som er knytt til «offisielle handlingar» ikkje kan brukast mot ein tidlegare president i retten.

Høgsterettsdommarane definerte nokre handlingar som klart offisielle.

Andre handlingar lét dei det vere opp til dommarane i dei andre sakene mot Trump å vurdere.

New York Times newspapers are being printed, following the announcement of the verdict on former U.S. President Donald Trump's criminal trial in New York City

New York Times dagen etter juryavgjerda.

Foto: Stephani Spindel / Reuters

No meiner advokatane til Trump, Todd Blanche og Emil Bove, at dommaren bør vurdere utbetalingane av hysjpengar som offisielle handlingar. Difor bør avgjerda vere ugyldig, og heile tiltalen fell, skriv dei.

Må motbevise eige argument

Dei to advokatane til Trump skriv torsdag i eit kravsmål at aktorane bygde mykje av beviset mot Trump på «offisielle handlingar».

Difor bør nokre av hovudvitnemåla som vart brukte mot Trump, verte tatt ut av jurysaka, meiner dei.

Men mykje av saka handlar om det som vart gjort i tida før Trump vart vald inn som president.

– Og advokatane hans argumenterte veldig for akkurat dette under rettssaka: at Trump handla som privatperson. Dei argumenta kjem nok statsadvokatane til å plukke opp igjen når dei no skal overtyde dommaren om at avgjerda framleis står seg, seier Høgestøl.

President Trump Holds A Press Conference At Trump Tower One Day After Guilty Verdict

Både tilhengarar og motstandardar av Trump møtte opp då han heldt ei tale dagen etter at han vart kjent skuldig i hysjpengesaka.

Foto: MICHAEL M. SANTIAGO / AFP

Då ein føderal domstol i New York skulle avgjere om rettssaka skulle verte flytta frå ein statleg domstol til ein føderal ein, meinte dei at Trumps rolle i pengeoverføringane til Daniels ikkje var relaterte til hans offisielle stilling som president.

Heldig før landsmøtet

– Høgsterettsdommen var jo ei gåvepakke til Trump, seier Høgestøl.

Det er nok enklare for Trump å offisielt annonsere sitt presidentkandidatur på republikanarane sitt landsmøte fire dagar seinare om han ikkje akkurat har fått ei bot eller anna form for straff.

Jury Finds Former President Donald Trump Guilty On All 34 Counts In Hush Money Trial

Trump er igjen republikanarane sin presidentkandidat. Fleire tilhengarar seier at juryavgjerda ikkje har noko å seie for dei.

Foto: AFP

No gjeld det for Trump å kjøpe seg tid. Om han skulle rekke vald til president igjen, vil saka truleg verte sett på vent.

Justisdepartementet i USA har nemleg ei intern retningslinje på å ikkje straffeforfølge sittande presidentar.

– Og som president er ein jo sjef for justisdepartementet, så den linja held seg nok slik, seier Høgestøl.

Publisert 12.07.2024, kl. 12.51

Read Entire Article