Politiet i Ålesund rykte måndag kveld ut til Latinskolen etter melding om at skulen sitt store prideflagg er funne tilgrisa på bakken.
Tidlegare på dagen blei det heist i den store flaggstanga framfor skulen, i samband med pridemarkeringa.
– Det er berre trist. Og så ønskjer eg ikkje at dei som står bak få meir merksemd enn det dei allereie har fått, seier rektor Ole Reinlund.
Etter nokre timar blei flagget funne på bakken. Då var det ifølgje Reinlund tatt ned, lagt utover og tilgrisa.
Startar etterforsking
Det var skulen sjølv som varsla politiet. Politiet vil no starte etterforsking av saka.
– Vi fekk melding om at flagget var fira og at det lagt mykje søppel oppå det. Mellom anna var det rømme som var helt utover, og litt anna, meinte dei som fann det, seier operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes ved Møre og Romsdal politidistrikt måndag kveld.
Debatt om flagging i Ålesund
Det har vore stor debatt rundt prideflagginga i Ålesund etter at kommunen først ville nekte skulane å flagge.
I ettertid har kommunen snudd, og ei rekkje skular har varsla at dei vil heise det omstridde flagget.
Rektor Reinlund seier dei no må sjå om dei kan finne eit nytt flagg.
Skulen flaggar ved alle dei tre avdelingane sine i Ålesund.
Mistenkjer ikkje eigne elevar
Det er elevar frå Ålesund vidaregåande som tek idrettsfag og påbygg som no held til på skulen. Det skal ikkje vere mistanke om at noko av dei står bak.
– Sansynlegheita for at det er nokon utanfor skulen er stor, vi har ikkje mistanke mot våre eigne elevar, seier han.
Publisert 10.06.2024, kl. 18.47 Oppdatert 10.06.2024, kl. 19.30