Trøndersk kraftselskap trekk seg frå Fosen-planar

4 months ago 32


Tre månader etter avgjerda i Fosen-saka blei det klart at nye utbyggarar ville bygge meir vindkraft i beiteområde på Fosen.

Det var selskapa Nordic Wind AS og Aneo som så på moglegheita for utbygging i og ved det mykje omtalte området.

No skrinlegg det trønderske selskapet Aneo sine planar.

– Vi har lytta til reindriftsnæringa

Konserndirektør for kommunikasjon i Aneo, Ole Martin Buene, bekreftar at dei har lagt utbyggingsplanane på is.

– Etter dialog med reindriftsnæringa så har vi bestemt oss for ikkje å forfølge moglegheita for utbygging.

Både Aneo og Nordic Wind tok kontakt med grunneigarar og kommunane Inderøy og Indre Fosen om mogelegheiter for å bygge ut vindkraft.

– Vi har vore tidleg i dialog med reindriftsnæringa.

– Dei har vore tydeleg på at dei ikkje ønsker at vi ikkje går vidare med prosjektet. Den anbefalinga har vi tatt på alvor.

Reineigarane glade

– Eg er glad for at Aneo har skrinlagt vidare planar om vindkraft på Fosen.

Det seier Leif Arne Jåma, leiar for Sør-Fosen sitje.

Samstundes peiker han på at Aneo berre er eit av to selskap som har hatt planar om å byggje ut vindkraft i Indre-Fosen.

– Nå må Nordic Wind kjenne sin besøkelsestid og ta hatten sin og gå.

Nordic Wind undersøker moglegheita for å bygge vindturbinar innanfor beiteområda.

Dei har teke kontakt med grunneigarar og gjennomført ein orientering for formannskampane i Inderøy og Fosen kommune.

Området Aneo undersøkte for utbygging låg utanfor, men tett inntil reinbeitedistriktet.

– Så lenge kommunane ikkje har sagt klart nei, fortsett vi kartleggingsarbeidet, sa administrerende direktør i Nordic Wind, Terje Dyrstad til NRK sist veke.

Publisert 04.07.2024, kl. 11.04 Oppdatert 04.07.2024, kl. 11.32

Read Entire Article