Tre menn tiltalte for grov valdtekt av ei ung kvinne

4 months ago 26


Valdtekta skal ifølge den ferske tiltalen ha skjedde utandørs i samband med ein ungdomsfest i Stad kommune i Nordfjord i januar i år.

Kvinna var ute av stand til å setje seg imot handlinga.

Mennene er tiltalte for brot på straffelova 293, som har ei strafferamme på fengsel i inntil 21 år. I tiltalen blir det peika på at valdtekta er «begått av flere i fellesskap» og at den er gjort på «en særlig smertefull eller særlig krenkende måte».

Mennene har sete varetektsfengsla i åtte veker, men nektar for at det har skjedd noko straffbart.

Krevjande etterforsking

Askel Rødland

Askel Rødland er straffesaksansvarleg for politiet i Sogn og Fjordane.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Statsadvokaten Magne Kvamme Sylta hos Hordaland, Sogn og Fjordane statsadvokatembete har teke ut tiltale for grov valdtekt.

Han er grunna ferie ikkje tilgjengeleg for kommentar.

Straffesaksansvarleg for politiet i Sogn og Fjordane, Askel Rødland, seier at etterforskingsarbeidet har kravd store ressursar.

– Alle saker der vi etterforskar seksuelle overgrep, er alvorlege. Også denne her. Det har vi hatt fokus på gjennom etterforskinga, og at etterforskinga skal vere både grundig og så objektiv som mogleg, seier han.

Sikra seg mobilvideoar

Politiet har drive med digital etterforsking, kriminalteknisk undersøking og sikra spor og analysar frå sikra materiale.

NRK har tidlegare fått opplyst at politiet har sikra seg fleire filmsnuttar og snappar i samband med etterforskinga.

Kva videoane viser, vil ikkje Rødland seie noko om.

Det er gjort over 30 vitneavhøyr i saka.

– I ei sik sak må vi gå gjennom alle observasjonane som har skjedd i og rundt hendinga. I dette tilfellet var det ganske mange personar som politiet meinte var nødvendige å høyre kva dei har observert.

Kjenner seg ikkje att i tiltalen

Advokat Ivar Eivind Hauge

Ivar Eivind Hauge forsvarar ein av dei tiltalte mennene.

Foto: RAGNHILD MYKLEMYR / NRK

Advokat Ivar Eivind Hauge representerer ein av dei tiltalte mennene. Han ønsker ikkje å kommentere saka i detalj, men seier klienten hans vedgår seksuell omgang med kvinna.

– Slik han ser det dreier det seg ikkje om valdtekt. Han er sjokkert over at det er teke ut tiltale. Han er fortvila over situasjonen, seier han.

Ivar Blikra representerer den yngste av mennene.

– Min klient erkjenner ikkje straffskuld etter tiltalen, seier han.

Advokaten til den tredje, Paul-Inge Angelshaug, seier at hans klient tek tiltalen på alvor, men at han ikkje kjenner seg att i tiltalen slik den står no.

– Han vil påstå seg frifunnen og vedgår ikkje straffskuld.

Advokaten til kvinna, Ann Mari Bjørlo, ynskjer ikkje på noverande tidspunkt å kommentere tiltalen.

Sogn og Fjordane tingrett har sett av seks dagar til saka når den kjem opp over nyttår.

Publisert 17.07.2024, kl. 17.22

Read Entire Article