To sjøkablar i Europa skadde: – Djupt bekymra

3 hours ago 4


I eit samla utsegn seier dei finske og tyske utanriksministrane at dei er «djupt bekymra».

– Vår europeiske tryggleik er ikkje berre truga av Russland sin aggresjonskrig mot Ukraina, men også mot hybrid krigføring frå vondsinna aktørar, heiter det vidare i utsegna.

Det var tidlegare måndag at den finske nettverksoperatøren Cinia sa at dei hadde oppdaga ein feil på sjøkabelen C-Lion1.

– Årsaka til feilen blir etterforska, sa selskapet i eit utsegn.

– På dette tidspunktet er det ikkje mogleg å vurdere årsaka til kabelbrotet, men brot som dette skjer ikkje i dette farvatnet utan å bli påverka utanfrå.

Også sjøkabel mellom

Måndag kveld er det klart at ein annan sjøkabel er skada, mellom Litauen og Sverige, ifølge litauisk offentleg radio LRT.

Denne kabelen blei brukt av Telia, som har visst om brotet sidan søndag morgon.

Då meldte systema om ein nettverkssvikt, fortel teknologidirektøren i selskapet, Andrius Šemeškevičius til LRT.

Šemeškevičius seier vidare at dei fekk nettverket tilbake på denne strekninga måndag kveld. Telia sender internett til Litauen via tre kablar.

Det er framleis ukjent om desse to hendingane er kopla på noko vis.

Publisert 18.11.2024, kl. 19.49 Oppdatert 18.11.2024, kl. 19.54

Read Entire Article