To motorbåtar kolliderte i Drammenselva:– Kan sjå ut som det blei gjort med vilje

3 months ago 19


Naudetatane rykte ut til staden klokka 02:09, melder Sør-Aust politidistrikt.

Ein mindre motorbåt skal ha blitt køyrd over av ein større motorbåt på mellom 20 og 25 fot, fortel operasjonsleiar Tom Richard Skuggedal.

– Ein person i den minste båten hamna i vatnet, fortel han.

Det vart satt i gang ein redningaksjon der HRS vart varsla og brannvesen satte ut redningsbåtar.

– Personen som hamna i vatnet svømte til land av eigen maskin, medan den andre båten køyde vidare ned elva mot Drammen, fortel Skuggedal.

Politipatruljar og politihelikopter leita ei stund etter båten som forlot staden, før dei fekk lokalisert dei rette personane.

Ombord var ein tenåring, ein i 30-åra og ein i 40-åra, fortel Skuggedal.

Ikkje edru

Føraren av båten er no pågrepen.

– Han blåste til langt over lovleg verdi for å kunne køyra båt, seier Skuggedal. Personen vart i førsteomgang arrestert på grunn av mistanke om køyring i ruspåverka tilstand.

Hendinga som førte til at ein annan person hamna i vatnet vil bli undersøkt, seier han.

Dei to passasjerane i båten fekk gå fri.

Politiet trur mannen skal ha køyrd rundt den mindre båten fleire gongar for å laga bølger. Vidare skal han ha køyrd over den minste båten slit at vindskjermen knakk, og personen om bord hamna i vatnet.

– Det kan sjå ut som om dette har blitt gjort med viten og vilje. Det er absolutt ikkje bra, seier Skuggedal.

Føraren av den mindre båten var ein mann i 40-åra som var ute og fiska i elva ifølge politiet. Han framstår uskadd.

Publisert 06.07.2024, kl. 06.52

Read Entire Article