To menn er arresterte etter mistanke om valdtekt i Kristiansund

3 months ago 24


Det var like etter klokka 03 natt til laurdag at politiet fekk melding om hendinga i Kristiansund. I morgontimane blei to menn arresterte. Dei er mistenkte for valdtekt.

Den fornærma er varetatt og politiet opprettar sak.

– Det er taktisk og teknisk etterforsking som skal gjerast, seier jourhavande jurist, Christina Sve Hagen i Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet opplyser at dei ikkje kan gi meir informasjon utover dette.

Publisert 03.08.2024, kl. 09.28 Oppdatert 03.08.2024, kl. 09.39

Read Entire Article