Tjuven lærte Jonny å tjuvkople sin eigen båt

1 week ago 8


Morgonen 13. september vakna Jonny Hesthammer av ei melding frå naboen.

Nokon var i ferd med å stele båten hans frå Damsgårdssundet i Bergen.

Hesthammer gjekk ut, og oppdaga først det som såg ut som eit mislukka tjuveri.

Det han ikkje visste var at tjuven var langt frå ferdig. Medan han gjekk gjennom bileta frå overvakingskameraet, slo tjuven til på ny.

Og denne gongen lukkast han.

Nokre minutt seinare var både tjuven og ein Uttern Daycruiser på veg ut av sundet.

Hesthammer tok fram telefonen og ringde politiet. Der fekk han raskt beskjed om at dei ikkje kunne bidra.

Men bergensaren gav ikkje opp.

Etter jobb tok han seg ein køyretur for å sjå etter båten. Og der var han. Henslengt inn til ein steinmur, med fleire skadar.

Her vart båten til Jonny Hesthammer funnen.

FUNNSTADEN: Her vart båten til Jonny Hesthammer funnen.

Foto: Privat

– Eg ringde politiet på ny, men dei hadde ikkje kapasitet til å prioritere saka. Og startlåsen var øydelagd, så eg fekk heller ikkje starta båten, fortel Hesthammer.

Fekk hjelp av tjuven

Tilfeldigvis gjekk ein frå Redningsselskapet forbi, som sa han kunne hjelpe.

Så kjem tjuven tilbake og forsøker å stele båten enno ein gong. Eg spurtar bort i det han legg frå kai, tek sats og hoppar om bord, fortel Hesthammer.

Politiet sa framleis at dei ikkje kunne prioritere saka.

Tjuven er roleg og hyggeleg, og viser meg med glede korleis båten kan tjuvkoplast.

Til slutt tek Redningsselskapet over og tauar båten til verkstaden, seier Hesthammer.

Skade i front.

FRONTSKADAR: Båten hadde omfattande skadar, mellom anna i fronten.

Foto: Privat

– Ein fundamental systemfeil

Hesthammer fortalde om historia på sin Facebook-profil. Der stilte han spørsmål ved politiet sine prioriteringar.

Han meiner at store verdiar går tapt grunna ressursmangel.

Det er ein fundamental systemfeil som tillèt at dette kan skje. Det blir gjort skadeverk for fleire millionar kroner i året, som skuldast at politiet ikkje har ressursar til å ta hand om denne typen kriminalitet, meiner Hesthammer.

Jonny Hesthammer

Båtmann: Jonny Hesthammer, dagleg leiar for Norsk Kjernekraft AS, og båtmann på fritida.

Foto: Privat

Sjølv om Hesthammer opplevde å måtte ordne opp i situasjonen sjølv, meiner han at han ikkje har grunnlag for å klandre politiet.

Eg har ingen rett til å bli sint på politiet, som prøvar så godt dei kan med sine ressursar. Men eg er bekymra for at denne tjuven, og andre i ein liknande livssituasjon, føler at det er fritt fram og at politiet ikkje bryr seg om dei.

Han har meldt saka til politiet.

Båt - JH

MOTORSKADE: Då Hesthammer fann båten, slo motoren inn mot muren.

Foto: Privat

Skulle gjerne hatt større kapasitet

Påtaleleiar i Vest politidistrikt, Gunnar Fløystad, forstår at det er fortvilande å stå der med tjuven i handa, utan å få hjelp frå politiet.

– Ja, det er fullt forståeleg. Samtidig må operasjonssentralen dagleg ta vurderingar om kva som er mest alvorleg. Det er ingen tvil om at vi gjerne skulle hatt fleire folk til å følgje opp fleire saker.

Fløystad presiserer at saka til Hesthammer ikkje er lagt bort.

– Sjølv om det ikkje vart gjort noko der og då, så er det gjort arbeid i saka og den er under etterforsking.

Fleire saker blir lagde vekk

Tal som SSB publiserte i sommar viser at talet på saker som blir lagde vekk er på sitt høgaste nivå på ti år.

Det overraskar ikkje Fløystad.

– Det rimar godt med situasjonen, særleg i byane, og dette gjeld både i Vest og i andre distrikt. Vi må prioritere, og då prioriterer vi liv og helse først, som då kan gå ut over andre saker.

Riksadvokaten kom i starten av 2024 med eit rundskriv, som legg føringar for kva som skal prioriterast ved ressursmangel.

Fløystad poengterer at nye typar kriminalitet også er ein del av grunnen til statistikken.

– Kriminaliteten har endra seg. Mykje går føre seg på internett, og det kan vere meir ressurskrevjande å løyse.

Gunnar Fløystad, påtaleleiar i Vest Politidistrikt.

Gunnar Fløystad, påtaleleiar i Vest Politidistrikt.

Foto: NRK Vestland

Ser ein auke i vinningskriminalitet

Pressesjef i If, Sigmund Clementz, seier at dei er opptekne av at vinningskriminalitet blir prioritert.

– Det er viktig for folk som opplever slik type kriminalitet at politiet tek dette på alvor. Samtidig veit vi at kriminalitetsbiletet varierer i landet, og at politiet må prioritere.

Sigmund Clementz, forsikringsselskapet If

Sigmund Clementz, pressesjef i If.

Foto: If

Bransjetal frå Finans Norge viser ein auke i vinningskriminalitet.

– Til dømes har tjuveri frå bil auka med 27,3 prosent første halvår i år, samanlikna med første halvår i fjor, medan tjuveri som kjem under innbuforsikring har auka med 10 prosent på same tid, seier Clementz.

Han meiner at ressursmangel truleg berre er ein liten del av biletet, og at problemstillinga er samansett.

– Det er alt frå lokale kjenningar til mobile vinningskriminelle som står bak. Rundt Oslo og på Austlandet elles er ein særleg utsett for tjuvar som opererer organisert.

Publisert 27.09.2024, kl. 14.04

Read Entire Article