Eit tips om at mannen skaffa hasj til to 14-åringar, var starten på opprullinga av overgrepssaka som starta i retten måndag.
Tiltalte nekta å vere til stades i rettssalen, men sa seg skuldig i dei fleste av overgrepa.
Av dei 20 fornærma er åtte under 14 år. Det er snakk om både fysiske overgrep og handlingar som har skjedd over nettet.
Dei eldste overgrepa skal ha skjedd for tjue år sidan, dei nyaste like før han vart pågripen i februar 2023.
Minst 15 ulike alias
Tiltalte i 40-åra hadde ein falsk profil på Snapchat der han gav seg ut for å vere ei ung jente ved namn «Maiken». Her tilbaud han seg å hjelpe jenter med å selje seksualiserte bilete og videoar til ein liten kundekrins.
Slik kom han i kontakt med fleire av dei fornærma som er både gutar og jenter.
Det alvorlegaste tiltalepunktet er fleire grove valdtekter som skal ha skjedd i løpet av eit par månader i 2022.
Den fornærma jenta var då 13 år.
Gjennomgangen av databeslaget viser at tiltalte hadde minst 15 ulike alias på ulike plattformer. Det opplyste politioverbetjent John Marius Nielsen då han gjekk gjennom beslaget.
Saka starta med eit tips om at tiltalte skaffa hasj til to mindreårige jenter.
Politiet ransaka bustaden hans, men fann ingen narkotika. To mindreårige jenter var i bustaden då politiet kom.
Funn av sminkesaker, klede og andre ting gjorde at politiet fekk nytt løyve til å ransake med tanke på datautstyr som kunne vere der.
Det opplyste aktor, konstituert statsadvokat Hans Vang i retten måndag.
20 000 eigenproduserte bilete og videoar av overgrep
Databeslaget viste seg å vere omfattande.
– Måten materialet var lagra på gjorde at det var vanskeleg å søke i. Derfor måtte alt gjennomgåast manuelt, noko som har tatt svært langt tid, sa aktor Vang i retten.
Ifølgje tiltalen dreier seg om minst 20 000 eigenproduserte bilete og videoar som seksualiserer barn eller der tiltalte sjølv har seksuell omgang med barn.
Ein del av materialet delte han med mindreårige via Snapchat.
På dei to mobiltelefonane var det ein app som gjorde skjermopptak av alt som skjedde på mobilen, opplyste aktor.
Slik kunne tiltalte gjere opptak av til dømes ting som skjedde på Snapchat utan at jentene var klar over det.
– Dette gir eit unikt innblikk i tiltalte sine handlingar. Tiltalte manipulerte og truga dei sårbare jentene, sa aktor.
Forsvarer Anne Marstrander Berg sa tiltalte ikkje meiner han har manipulert og truga dei fornærma til å utføre seksuelle handlingar.
Dette ønskjer han å forklare seg om i retten. Det same gjeld korleis barndomen og oppveksten hans var, opplyste forsvararen.
Tiltalte nekta å kome inn i rettssalen
Saka vart forseinka måndag morgon fordi tiltalte nekta å kome inn i rettssalen. Forsvarer opplyste retten om at klienten ikkje greier å vere i eit rom med mange personar til stades.
Saka er lukka for publikum, men pressa får vere til stades på visse vilkår.
Tingrettsdomar Inger Størseth bestemte at pressa flytta seg til eit anna rom mens tiltalen vart lesen opp for tiltalte. Pressa etterkom dette, men likevel kom ikkje tiltalte inn i retten.
Han følgde opplesinga av tiltalen med forsvararen frå eit anna rom og svarte «Ja» på straffskuld på dei fleste tiltalepunkta.
Etter innleiingane frå partane bestemte retten at tiltalte fekk dra tilbake til fengselet og følgje saka derifrå på videolink.
Planen er at han skal møte i retten igjen tysdag.
Tiltalte har sete i varetekt sidan februar i fjor då saka vart oppdaga.
Politiet meinte faren var stor for at den då sikta kunne utføre nye straffbare handlingar om han vart sett fri.
Aktor har varsla at det kan bli lagt ned påstand om forvaring dersom tiltalte blir dømd.
Publisert 18.11.2024, kl. 13.21