2. september 2022 rykte politiet ut til eit slagsmål i Spydeberg sentrum.
Der blei ein mann i 40-åra funne kritisk skadd. Han blei flogen til sjukehus med luftambulanse.
Ein mann i 30-åra blei arrestert på staden. Dagen etter blei han sikta i saka.
Nå er han tiltalt for drapsforsøk.
- I april blei to menn stoppa på grensa med 4,2 millionar svenske kroner. Tolletaten trur organiserte kriminelle står bak.
Brot på hovudskallen
Ifølge tiltalen skal mannen i 30-åra ha slått eller kasta ei øks i bakhovudet på mannen i 40-åra, slik at han fekk brot på hovudskallen.
– Vidare påførte han [fornærma] eit knivstikk i brystkassa i nærleiken av lunger, hjartet, store blodårar og halsen, og dessutan eit knivstikk i buken som blant anna medførte skade på levra, står det i tiltalen.
Mannen i 30-åra er også tiltalt for ruspåverka køyring.
Smaalenenes Avis omtalte tiltalen først.
Må møte i retten i september
NRK har vore i kontakt med Kari Sandvik, som er forsvararen til den tiltalte. Ho ønskjer ikkje å kommentere saka på nåverande tidspunkt.
Politiadvokat Nina Marthinsen skal føre saka i retten på vegner av påtalemakta. Ho har ikkje høve til å kommentere saka fredag.
Rettssaka mot mannen i 40-åra skal etter planen gå i Follo og Nordre Østfold tingrett i september. Det er sett av fem dagar til behandlinga av saka.
Publisert 10.05.2024, kl. 10.43