Tiltalt for å ha valdtatt 88 av pasientane sine – skjerpar sikkerheita rundt Arne Bye i retten

2 weeks ago 12


– Det er den tiltalte som er mest risikoutsett, fortel Snorre Haugdahl, Politisjefen for Innherred og Namdal.

Han fortel dei ikkje har nokon konkret grunn til å tru at noko skal skje når rettssaka mot Arne Bye startar i dag.

Likevel skjerpar dei sikkerheita rundt Trøndelag tingrett i Steinkjer.

Vi vil vere til stades og har sett inn tiltak som skal sikre at rettssaka kan gjennomførast på forsvarleg vis.

Bye er tiltalt for å ha misbrukt stillinga si som lege for å oppnå seksuell omgang med 95 kvinner. 88 av disse er han tiltalt for å ha valdtatt.

Bye har erkjent straffskyld for delar av tiltalen.

Delvis lukka dører

Alle dei 95 fornærma kvinnene skal forklare seg i retten etter tur.

Under etterforskinga beslagla politiet over 6000 timar med videomateriale frå legekontoret og undersøkingsrommet.

Delar av dette videomaterialet vil bli vist i retten.

Frosta-saken tinghuset og tom rettssal

I denne rettssalen i Steinkjer skal alle dei fornærma kvinnene forklare seg etter tur.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Sidan saka er såpass sensitiv for dei fornærma kvinnene har retten bestemt at forklaringane skal gå bak lukka dører.

– Offentlegheit er utgangspunkt i loven, men i denne saka må omsynet til dei fornærma vege tyngst, heiter det i avgjerda frå retten.

Sjølv om retten er stengd når kvinnene skal vitne, vil pressen få vere til stades under heile saka.

– Frykteleg belastande

33 dagar i retten er sett av til at til at dei fornærma kvinnene skal fortelje om sine opplevingar frå legekontoret. Der skal dei fleste valdtektene ha skjedd under gynekologiske undersøkingar ifølge tiltalen.

– Det er frykteleg belastande å måtte fortelje om noko så intimt og personleg som dette, seier Camilla Kilnes.

Ho er journalist i Adresseavisen og ei av mange frå pressen som kjem til å følgje saka tett.

Det er eit viktig samfunnsoppdrag for pressen å vere til stades under rettssaka seier ho.

– Eg tenker at media si rolle er kjempeviktig for å forklare kva det er vi skal igjennom, og korleis ein rettsprosess av ein sånn type går føre seg

Samstundes må media ta omsyn til at kvinna som forklarar seg er i ei sårbar situasjon, seier Kilnes.

– Vi må tenke på at det er menneske som skal leve livet sitt også etter rettssaka er ferdig.

Bye forklarar seg tysdag

Allereie tysdag skal Bye gi sin forklaring om «generelle tema» ifølge tidsplanen for rettssaka.

Det er sett av ein og ein halv dag til forklaring frå den tiltalte legen.

Frå neste veke vil dei fornærma kvinnene vitne. Bye vil også få moglegheit til å forklare seg etter kvar av kvinnene.

Siste dag i retten er etter planen 18. februar neste år.

Publisert 05.11.2024, kl. 05.39

Read Entire Article