Politiet har i lang tid etterforska påstandane om alvorleg miljøkriminalitet på søppelmottaket i Midt-Noreg. Her blei fyllinga stadig større, og skal til slutt ha hatt mange tusen tonn skrot.
No er han som var dagleg leiar tiltalt for miljøkriminalitet, økonomisk kriminalitet og brot på straffelova.
– Dette er alvorleg. Han har over ein 20-års-periode stadig lagra meir og meir avfall, som han hadde plikt til å sende vidare til andre som skulle behandle avfallet, seier statsadvokat Magne Nyborg.
Ifølgje tiltalen har den tidlegare daglege leiaren ulovleg lagra avfall i 20 år på avfallsanlegget i Eide, og også fleire år på eit tilsvarande anlegg i nabokommunen Averøy.
Han var ført opp ikkje berre som dagleg leiar, men samtidig også styreleiar og eineaksjonær i selskapa.
Statsadvokaten har også tiltalt mannen for å ha sendt feilaktige rapportar om forholda til Statsforvaltaren, og meiner han må straffast for å ikkje ha meldt oppbod fleire år før selskapet i Eide gjekk konkurs.
– Han meiner tiltalen bygg på uriktig faktum, og det er spørsmål om lovbruken er korrekt, seier Edvard Eide, som er mannen sin advokat.
Han seier det ikkje er naturleg for klienten hans å vedgå straffskuld for det han er tiltalt for.
Peika på avvik i fleire år
Det har vore store problem med avfallsanlegga i Eide og Averøy i fleire år, og hovudmannen bak har vore i søkelyset til miljøstyresmaktene over lang tid.
Men først etter at inspektørar over fleire år hadde påpeikt fleire avvik, blei drifta til avfallsanlegget i Eide avvikla i 2020.
Då blei løyvet trekt tilbake, bedrifta slo seg konkurs og politiet starta etterforsking.
Statsforvaltaren har fått kritikk frå fleire hald for manglande kontroll med bedrifta.
Statsadvokat Magne Nyborg seier dei har konsentrert etterforskinga rundt han som no er tiltalt, og ikkje retta den mot Statsforvaltaren sine folk.
– Uansett kritikk, så har han som konsesjonshavar ei eiga plikt til å sjå til at reglane blir følgt.
– Men har ikkje også saksbehandlarane hos Statsforvaltaren gjort noko gale?
– Det er mogleg, men det var ei så omfattande sak at ein måtte avgrense den. Her har vi konsentrert oss om den som faktisk har forurensa, seier Nyborg.
Hopa seg opp med søppel
Søppelet inne på anlegget skal ha hopa seg opp dag for dag. Firmaet skal ikkje ha klart å handtere avfallet som kom inn til anlegget.
Til slutt skal det ha blitt så mykje at sjølv store lastebilar ville brukt nesten ni døgn på å tømme området, dersom dei klarte å køyre ut eit lass kvart tiande minutt døgnet rundt.
Kan koste 50 millionar å rydde opp
Tilsette hos Statsforvaltaren har tidlegare rekna ut at oppryddinga kan kome til å koste rundt 50 millionar kroner. Så langt tyder mykje på at dette må betalast av det offentlege.
Oppryddinga har så vidt begynt, fire år etter at drifta stansa og konkursen var eit fakum. Så langt skal det vere henta ut rundt ti prosent av det Statsforvaltaren har estimert ligg på området. Målet er at oppryddinga skal vere ferdig neste år.
Hei!
Har du innspill til andre saker vi bør se på i forbindelse med denne saken? Send oss gjerne en e-post!
Publisert 24.07.2024, kl. 15.04 Oppdatert 24.07.2024, kl. 15.31