Tilsett på barneskule varetektsfengsla i fire veker – sikta for valdtekt av elev

4 months ago 47


Mannen blei onsdag varetektsfengsla i fire veker, med brev- og besøksforbod i to veker. Politiet meiner det er fare for at han slettar bevis dersom han blir sett fri, og har fått medhald i det.

Mannen er sikta for valdtekt mot eit barn under 14 år som er elev på skulen der han arbeider.

– Han vedgår ikkje straffskuld, og tek saka tungt, seier mannen sin advokat til NRK. Han slår fast at avgjerda om varetektsfengslinga blir anka til Frostating lagmannsrett.

Kjenner ikkje til liknande forhold

Kommunalsjefen i den aktuelle kommunen stadfester overfor NRK å ha fått informasjon om saka tidleg i førre veke.

Politiadvokat Julie Ulstein ved Møre og Romsdal politidistrikt er tilbakehalden med informasjon.

– Vi har ingen konkret mistanke om andre elevar er utsette for noko. Per no etterforskar vi seksuelle overgrep mot eitt barn, seier ho.

Bistandsadvokaten ønskjer ikkje å uttale seg om saka no.

Politiadvokat Julie Ulstein i Møre og Romsdal politdistrikt.

Politiadvokat Julie Ulstein ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Sikta for valdtekt

Mannen er sikta for valdtekt av eit barn under 14 år, etter Straffelova §299.

Politiet skal ha funne fleire seksualiserte bilde av barn, som var sletta, hos mannen. Retten festar ikkje lit til mannen si forklaring, heiter det i avgjerda frå Møre og Romsdal tingrett.

Politiet vil no bruke tid på å gå gjennom mannen sin mobil og skylagringar frå den, og i tillegg gjennomføre fleire vitneavhøyr.

Ålesund tinghus

Mannen blei varetektsfengsla i Møre og Romsdal tingrett onsdag.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ingen informasjon til foreldre på skulen

Mannen har vore tilsett ved skulen i Møre og Romsdal i fleire år. Kommunalsjefen i den aktuelle kommunen seier til NRK at dei næraste kollegaene er orientert om saka. Skulen eller kommunen har så langt ikkje informert resten av foreldra om saka. Rektor ved den aktuelle skulen seier til NRK at han ikkje ønskjer å kommentere saka no.

Politiet bad i retten om forbod mot å skrive at mannen var varetektsfengsla, og har mellom anna vist til omsynet til etterforskinga. Dette var ikkje retten samd i.

Publisert 30.05.2024, kl. 10.29 Oppdatert 30.05.2024, kl. 10.39

Read Entire Article